Image

Bunadspolitisk plattform

Bakgrunn og historie


Noregs Ungdomslag som bunadsorganisasjon
Noregs Ungdomslag har ei rik og lang historie som ein organisasjon som er oppteken av bunad. Heilt sidan Hulda Garborg reiste rundt i landet og inspirerte til bunadsarbeid har bunaden vori ein del av arbeidet til norskdomsrørsla og andre organisasjonar. Med Klara Semb kom bunad inn som ei sentral arbeidsoppgåve for Noregs Ungdomslag. Lag og medlemer har lagt grunnen for mange av bunadene som er i bruk i Noreg i dag, og i praktisk bruk er det ingen som brukar bunaden meir enn medlemene i ungdomslaga. Noregs Ungdomslag skal vere ein interessant organisasjon for både bunadstilverkarar og bunadsbrukarar.

Utviklinga av bunaden
På andre halvdel av 1800-talet byrja ein over heile landet å bruke hardangerdrakta som festplagg, og drakta vart kalla ”nationalen”. Hulda Garborg var den fyrste som nytta ordet ”bunad” om den folkelege draktskikken, og ho fremja bruken aktivt. Det kom snøgt ynske om å få regionale og lokale drakter som hadde same funksjonen. Somme stader fanst det ein levande folkedrakttradisjon som kunne dokumenterast attover i tid, somme stader fann ein bilete av gamal draktskikk som ikkje var i bruk lenger og andre stader fann ein andre førebilete. Slik fekk ein ulike grunnlag for bunadene: levande folkedrakttradisjon, rekonstruert folkedrakttradisjon og drakter med grunnlag i einskildplagg eller andre mønster. Alle desse blir i dag kalla bunad.

 

Heilt sidan starten har altså ideen for bunadsarbeidet vore å finne fram til gamle klestradisjonar og skikkar, og la dette vere inspirasjon for samtidige bunader. Draktforskinga har stadig utvikla seg framover. I 1947 fekk vi Landsnemnda for bunadsspørsmål, som seinare er omorganisert to gonger, og no er Bunad og folkedraktrådet. NU har støtta desse forskingsorgana heilt frå starten og fram til i dag. Frå 1980-talet hadde forskinga kome så langt at ein kan tale om rekonstruksjon av gamle drakter.

 

Det er parallelt med denne forskingsutviklinga laga ymse drakter som ikkje er baserte på lokal eller regional drakttradisjon. Dei kan nytte teknikkar og snitt frå bunadtradisjonen, men er produkt av fantasien til den aktuelle formgjevaren. Etter kvart som bruken av desse draktene har auka vil mange oppfatte desse som bunader. Det er dei ikkje.

Bunaden - eit identitetsmerke
Etter at Noreg vart sjølvstendig vart det snøgt ynske om regionale drakter som kunne syne at ein var trønder, nordlending eller egde. Folkehøgskulane var viktige i dette arbeidet. Elevane kom oftast frå bygdene rundt skulen, slik at dei hadde sams interesse i å skape seg ein bunad for sitt distrikt. Bunadrørsla kan sjåast som eit godt prov på at norskdomsrørsla kan hende ikkje var så einsrettande som nasjonale rørsler i andre land. Ein har ”bunad” som eit omgrep, men dette omgrepet dekkjer ein enorm variasjon i snitt og fargar. Etter kvart er bunadene vortne sterke identitetsmerke, og kan vekkje sterke kjensler om noko blir oppfatta som feil. Sterke kjensler kan det også vekke om nokon lagar ein annan bunad t.d. ved å rekonstruere ei folkedrakt for det same distriktet. Ynsket om det historisk korrekte kan altså koma i vegen for eldre bunader i distriktet som identitetsbyggjar. Sjølv om ein bunad som vart laga på 1920-talet kan hende ikkje var beinveges kopi av gamal drakttradisjon, har det faktum at han har vori brukt i 80 år gjort at han kan sjåast som det plagget som har vori lengst i bruk i distriktet, og dermed svært tradisjonsrikt. 

Bunadsproduksjon

Den økonomiske utviklinga i samfunnet har gjort at det er særs vanskeleg å forsvara handverk mot maskinproduksjon reint prismessig. Den økonomiske globaliseringa har òg gjort at somme bunadstilverkarar får gjort handsaumen i u-land som Ghana, Vietnam eller Kina. I Noregs Ungdomslag sin tradisjon er sjølve produksjonen ein del av opplevinga av å få seg ein bunad. Mange lærer å sy somme av delane eller heile bunaden sjølve. Dette gjer at bunaden ikkje berre er eit vanleg plagg, men eit kulturprodukt der beraren er med i prosessen. Noregs Ungdomslag byggjer på medverknad og sjølvkjensle, og vi meiner det er ein viktig del av bunadsarbeidet vårt at vi stimulerer bunadsbrukarane til å gjera så mykje som mogleg sjølve. Dette aukar kjensla for plagget og vyrdnaden for dei som står før ein i tradisjonen. Dersom folk får kunnskap om korleis bunaden er og har vori får ein òg eit betre grunnlag for utvikling av bunadstradisjonen i framtida.

 

Framtida for bunadsarbeidet i Noregs Ungdomslag
 

Bunadsarbeidet i Noregs Ungdomslag byggjer på desse stolpane: bunadsbruk, bunadskunnskap, handverk, medverknad og tradisjon og identitet.

BunadsbruK
Noregs Ungdomslag vil arbeide for framleis stor bruk av bunad på arrangement i organisasjonen og elles i samfunnet.
 

Kunnskap
Gjennom kurs og seminar vil NU stadig spreie informasjon om bunader og folkedrakter. Det er viktig at NU som bunadsorganisasjon stimulerer til auka kunnskap og der i gjennom auka bunadsbruk.

Handverk
Noregs Ungdomslag vil stimulere til at medlemene kan vera med å sy sin eigen bunad eller delar av den. NU ønskjer å halde fast bunaden som eit handverksprodukt og ikkje eit masseprodusert industriprodukt. Noregs Ungdomslag vil jobbe for at det blir ei god handverksopplæring i grunnskulen og den vidaregåande skulen. Organisasjonar, som NU, som har bunad som fagfelt må drive opplæring i det konkrete bunadsarbeidet.

Medverknad
Ved å bruke lokale produsentar blir ein med i prosessen, ein får ei oppleving ved å vera med på å skape bunaden. I ein levande bunadstradisjon er det rom for personleg tilpassing eller val innanfor faste rammer. Noregs Ungdomslag ynskjer å leggje til rette for ein produksjon der den som skal ha bunad blir trekt med så mykje som mogleg i prosessen, t.d. ved å lage delar sjølv, eller ved å få ei grundig innføring i bakgrunnen for drakta.

Tradisjon og identitet
Når folk vel å lage eller kjøpe bunad er det som oftast ut frå at dei kjenner seg knytte til området bunaden høyrer til. I ei tid med større og større mobilitet er dette ei utfordring, av di ein kan kjenne identitet til fleire stader. Men det gjev òg større valfridom for kva tradisjon ein vil høyre til.

 

Noregs Ungdomslag ynskjer å arbeide for at tradisjonane og bakgrunnen for bunadene blir betre kjent, og at ein bunad bør uttrykke noko meir enn det å vere ”vakker”. Med å kle seg i bunad skal ein vera med på å føre kulturelle verdiar framover til nye tider. Ein er med på å ta vare på norske tradisjonar og å oppvurdere eldre tiders handverk- og klestradisjonar.

 


 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign