Image

Frå dansar til instruktør

Vegen til å bli ein god dansar og instruktør startar på dansegolvet. Dans så mykje og kor ofte du kan! Dansetreninga får du i nærmiljøet ditt, i lokallag og fylkeslag; på faste øvingar, kurs, festar, festivalar med meir. Her får du det viktige grunnlaget du treng for å bli ein god dansar.

Som instruktør er du førebilete, gruppeleiar og formidlar av kunnskap. Ein kan lære å danse på mange ulike måtar, og kanskje er nettopp det heile poenget! 
 

Grunnleggande instruktørkurs, folkedans

Vil du arrangere eit kurs der du bur? Ta kontakt med NU-kontoret i dag! 

Les studieplanen for kurset her.

Målet med kurset: Få eit innblikk i instruktørrolla og eit felles fagleg grunnlag for vidare instruktøropplæring i NU.
Forkunnskap: Deltakarane bør kunne danse nokre av dei vanlegaste runddansane som til dømes reinlender, polka og vals.

Instruktørkurs, folkedans

Instruktørkurs modul 1 og 2 er i hovudsak praktiske dansekurs med noko gruppearbeid og teori. Kursa blir arrangert vår og haust i regi av Noregs Ungdomslag, sentralt. Ein kan ta modulane i kva rekkjefølgje ein ønskjer.

Mål: Deltakarane skal bli gode danseførebilete, kjent med grunnreglar og prinsipp for formidling og læring, samt kunne løyse teoretiske og praktiske oppgåver knytt til det å leie ei gruppe. 
Forkunnskap: Grunnleggande instruktørkurs, folkedans eller tilsvarande. Er du i tvil om du har nok forkunnskap - kontakt NU-kontoret.


Modul 1

Dette kurset vil ha instruktørrolla som hovudfokus. Målet er at deltakarane skal få kunnskap om mellom anna gruppeleiing, læring, formidling og dans/bevegelse.

Les studieplanen for kurset her. 

NU arrangerer modul 1 - kurs om våren så framt vi har nok påmelde. 
Neste kurs blir 23. - 25. mars. Dette kan du lese meir om her. 


Modul 2

Dette kurset vil ha dansaren i hovudfokus. Målet er at deltakarane skal bli gode danseførebilete og medvitne om eigen dansestil og teknikk.

Les studieplanen for kurset her.

NU arrangerer modul 2 - kurs om hausten så framt vi har nok påmelde.

Fordjupingsarenaen i NU

Ein viktig arenae for vidare læring, utvikling og spesialisering. Fordjupingskurs vil du finne på fagseminar, instruktørsamlingar og regionale storkurs og helgekurs.



 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign