Image

Danselyst

Danselyst er først og fremst eit undervisningsopplegg for bruk i grunnskolen, men det er òg nyttig for andre som ønskjer å skaffe seg kjennskap til norsk folkedans, kanskje særleg dei med mål om å formidle stoffet til andre. For kvar dans blir det vist til eitt eller fleire musikkstykke og eksempler på dei to CD-ane og DVD-en som følgjer med.

Pris: kr. 199,-
Vet kjøp av minst 10 sett er prisen Kr. 99.- per sett.


For bestilling - kontakt NU-kontoret på tlf. 24 14 11 10 eller  post@ungdomslag.no.


Danselyst inneheld forutan 40 detaljerte danseforklaringar, også eit historisk oversyn over norsk folkedans, oversikt over terminologi (ulike steg, tak o.s.b.), metodiske tips og ei liste over bøker og organisasjonar der du kan få meir informasjon om norsk folkedans.

Dansane er ordna etter alder og delt i kapitler etter hovudtype. Metodiske tips og lett forståeleg forklaring av terminologien gjer det enkelt å kome i gang med dansen i klasserommet. Dansane er meint å passe til alt fra leik til rekneøvingar. Utvalet er gjort for å vise dansar som er representative for dei ulike hovudgruppene innanfor norsk folkedans, utan at dei er for kompliserte å lære. Dansane er og godt kjende i folkedansmiljøet, og eigner seg for barn og unge. Nokre av dei beste dansarane og spelemennene i Norden deltar på CD-ane og DVD-en.


Opplegget er utvikla av tillitsvalde i Noregs Ungdomslag.
Utgitt gjennom Musikk i skolen sitt forlag. ISBN: 978-82-91007-16-8

 

La boka hjelpe deg å bringe lokalhistorie, musikk, moro og ikkje minst danselyst inn i skoledagen!


 

Dansetypar og dansar/leikar i Danselyst:

Bygdedans: Halling, Parhalling, Springar. 
Runddans: Vals, Polka, Reinlendar, Øving av rundsnu. 
Turdans: Langedans, Danse Jase, Tretur frå Hornindal, Tretur frå Strandvik, Seksmannsril frå Asker, Seksmannsril frå Asker - forenkla, Tremannsril frå Aure, Bytereinlendar, Klappdans frå Østfold, Klappdans frå Østfold - forenkla, Treklappdans i ring, Treklappdans på rekkje, Polonese, Marsj, Firetur frå Stange, Åttetur frå Asker, Åttetur frå Asker - forenkla. 
Songdans: Liti Kjersti og elvekongjen, Kråkevisa, Håvard Hedde, Strilevise, Bukkevisa, Alle mann hadde fota, Hei løsti, Færøydans. 
Songleik: Ikødnet, Stekte harra og gjødde svin, Til sæters, Kari går i ringen, Trollgubben Lurvelegg, Jomfru, jomfru (Karusellen), Danse i en ring, Vet du hva som hendte meg i går? (Tre små lopper).


DANSELYST-KURS for lærarar

Noregs Ungdomslag har nå utvikla kursopplegg retta mot lærarar og anna pedagogisk personale i barnehage og skole. 

 

På Danselyst-kurs får du lære å danse og undervise over 40 ulike folkedansar innan alle hovudtypar folkedans. Opplegget vert presentert av dei aller dyktigaste folkedansinstruktørane i landet. I tillegg får du musikk, instruksjon på film, metodiske tips, dansehistorie og lure tips gjennom danselystpakken. Gjennom Danselyst-kurs lærer du å formidle danseglede og korleis du kan tilpasse undervisninga til deltakarnivå og alder.
 

Ønskjer du Danselyst-kurs? Send ein e-post til halldis@ungdomslag.no og spør om pris og mogleg tidsrom. 

DANSELYST – PROSJEKT/ KURS for elevar

Noregs Ungdomslag kan formidle kontaktinformasjon til lærarar for dansekurs og prosjekt for elevgrupper i skole, barnehage og lag.
 

Ønskjer du lærar til Danselyst-prosjekt? Send ein e-post til halldis@ungdomslag.no.

 

 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign