Image

Retningsliner for Frifond 2017

Retningslinjer og søknadsskjema Frifond 2017

Frifond er ei stønadsordning oppretta av Stortinget for å betre rammevilkåra for kulturarbeid for barn og unge. Lokallag i Noregs Ungdomslag kan søkje om aktivitetstilskot eller oppstartstilskot til barne- og ungdomsaktivitet i laget. I tillegg kan ein søkje prosjekttilskot til teateraktivitet for same målgruppe.

 
LNU har vedteke endringar i sine overordna retningsliner for 2017 ei forlenging av fristen for å betale ut pengar frå sentralleddet til lokallaga. Utover dette er ikkje retningslinene endra i høve til 2016. 

Last ned søknadsskjema (word-dokument). Søknadsfrist er 1. september.

 

1. Innleiing

Frifond er ei støtteordning oppretta av Stortinget, for å betre rammevilkåra for demokratisk og medlemsbasert kulturarbeid for barn og unge på lokalt nivå.

 

Noregs Ungdomslag mottek Frifondmidlar frå Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU), og fordeler tilskot vidare til lokallaga. Fylkeslaga kan ifølgje dei overordna retningslinene frå LNU ikkje få frifondmidlar.

 

Av den samla potten NU får frå LNU blir 5% behalde til administrasjon av ordninga. Den resterande delen blir i sin heilskap fordelt til lokallaga etter søknad.

 

2. Kven kan søkje om Frifondmidlar gjennom Noregs Ungdomslag

Lokallag som er tilknytt Noregs Ungdomslag, og som oppfyller følgjande krav, kan søkje om Frifondmidlar:

- Laget må ha levert årsrapport til Noregs Ungdomslag for 2015.

- Laget må ha oppdatert medlemsliste og betalt kontingent til NU sentralt for 2017.

- Laget må ha rapportert på evt. mottekne Frifondmidlar for 2016.

- Laget må ha betalt kontingentkravet til NU sentralt for 2016. For å kunne motta aktivitetstilskot (jf punkt 4) må laget ha betalt kontingent for minimum 5 medlemmer under 26 år.

Lokallag som er tilknytt Norges Idrettsforbund kan etter overordna retningsliner frå LNU ikkje motta frifondmidlar.

  

3. Søknadsskjema og søknadsfrist

Lokallaget søkjer NU sentralt om midlar på eige skjema, og på vegne av aktiviteten i heile laget, inkludert eventuelle undergrupper.


Søknadsfristen er 1. september 2017.
Søknadsfristen skal kunngjerast minst tre månader i framkant, og som eit minimum gjennom informasjon i lagssending som går til alle lokal- og fylkeslag og i Ungdom, som går til alle medlemmer.


Retningslinjene må gjerast tilgjengeleg for laga samtidig som søknadsfristen blir kunngjort.


4. Fordeling av tilskot mellom søkjarlaga

Noregs Ungdomslag har tre ulike ordningar laga kan søkje om Frifondmidlar til:


a) Oppstartstilskot. Fast beløp på kr 4.000 til nye lag, eller til lag som har færre enn fem teljande medlemmer, og som ønskjer å starte opp aktivitetar for barn og unge.


eller:


b) Aktivitetstilskot til laget sitt arbeid for barn og unge. Dersom laget tilfredsstiller krava under punkt 2, vil ein få utmålt eit tilskot etter følgjande prinsipp:

- Grunnbeløp på kr 4.000.
- Variabelt beløp pr medlem under 26 år per 2016. Dette beløpet blir fastsett etter kor mykje pengar som er att i potten etter at prosjekttilskot (jf pkt c), oppstartstilskot og grunnbeløpet er fordelt. For lag som mottok oppstartstilskot i 2016, og som ikkje har registrert medlemmer under 26 år pr 31.12.2016, blir medlemstalet pr 1.9.2017 lagt til grunn for tildelinga.


I tillegg:

 

c) Tilskot til teaterprosjekt for barn og unge i laget. Med teaterprosjektet blir det meint framsyningar, kurs, turnear og større arrangement. 1/3 av deltakarane i prosjektet må vere under 26 år. Prosjekt som går i overskot utan tilskot frå Frifond, vil ikkje få tildelt tilskot.

Laga må sende eigen søknad om prosjekttilskot med kort prosjektskildring og budsjett. Laget kan berre søkje om tilskot til eitt prosjekt. Lag som vil søkje prosjekttilskot til teaterarbeidet må også søkje oppstartstilskot eller aktivitetstilskot. Stønad til teaterprosjekt kjem på toppen av oppstartstilskot eller aktivitetstilskot. Laget må sende eigen rapport på tiltaket.

 

5. Søknadsbehandling

Laga sender søknad om Frifondtilskot til NU sentralt, og søknadene blir handsama administrativt, med unntak av prosjekttilskot til teater som blir handsama av arbeidsutvalet i NU. Fordelinga av tilskot blir gjort i tråd med punkt 4 i retningslinjene.


Laga skal ideelt sett få svar på søknaden innan 1. oktober. Utbetaling av tildelt tilskot vil skje seinast 31. desember. Eventuelle avslag på søknader vil bli sendt ut på same tidspunkt. Oversyn over tildelte Frifondmidlar blir også kunngjort på NU sine nettsider.


Størrelsen på det tildelte tilskotet kan ikkje påklagast, sidan dette er fastsett gjennom eigen fordelingsnøkkel som framkjem i punkt 4 i retningslinjene. Avslag og størrelse på prosjekttilskot kan påklagast. Klagefristen er 14 dagar.


Avslag på søknader om Frifondtilskot kan berre påklagast dersom søkjarlaget meiner avslaget er gitt på feil grunnlag. Styret i Noregs Ungdomslag er klageinstans.

 

6. Bruk av tilskotet

Tilskotet må nyttast til lokal aktivitet for barn og unge som skjer i perioden 1.7.2017-30.06.2018, og midlane må vere brukt opp innan 30.6. Lokallaga må stadfeste at tildelte midlar frå året før er brukt opp, før nytt tilskot kan utbetalast.
Dersom lokallaget ikkje har brukt midlane i løpet av denne perioden, må NU sentralt varslast om dette, og midlane betalast tilbake. Dersom laget ikkje brukar midlane til lokal aktivitet for barn og unge, kan NU sentralt krevje midlane tilbakebetalt.

Jf. LNU sine overordna retningsliner for Frifond blir det presisert at frifondmidlane ikkje kan nyttast til innkjøp av rusmidlar.


Noregs Ungdomslag vil søkje LNU om at evt. returnerte/tilbakekrevde midlar kan fordelast som Frifondtilskot i nye tildelingsrunder.

 

7. Rapportering på tildelt tilskot

Alle lag som mottek Frifondmidlar må rapportere til Noregs Ungdomslag om bruken av midlane, og kva aktivitet midlane har medført i laget.

 

Rapportering av bruken av frifondtilskotet skjer gjennom årsrapporten, som skal sendast til NU sentralt innan 1.3.2018. Her vil det vere eigne felt for rapportering på bruken av Frifondmidlar

- Dersom laget har fått tildelt oppstartsmidlar, skal årsrapporten innehalde ein omtale av kva midlane har vorte nytta til, og ei vurdering av i kva grad ein har klart å auke aktiviteten for/talet medlemmer under 26 år.

- Dersom laget har fått tildelt aktivitetstilskot skal årsrapporten innehalde ein omtale av kva Frifondmidlane har medført av aktivitet i laget. 
Rapportering av prosjektmidlar til teater skal skje i årsrapporten eller seinast 30.06.2018.

 

8. Generelt om NU si frifondforvaltning

Desse retningslinjene er vedtekne av Noregs Ungdomslag sitt styre 15.1.2017.

NU plikter elles å forvalte Frifondmidlane i tråd med dei overordna retningslinjene frå LNU, vedteke av LNU sitt styre.


 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign