Image

Syngespel av Hulda Garborg tek form i ny drakt!

tekst: Danseru

Kva: prøver på syngespelet ”Liti Kjersti”
Kvar: Riksscenen i Oslo

Når: søndag 15. april klokka 1700

I 1919 sette Det norske Teater opp syngespelet ”Liti Kjersti” på Bygdøy i Oslo. Forfattar var Hulda Garborg og folkemusikken var ein sentral del av stykket. I dag, 150 år etter at forfattaren blei fødd, ser stykket nytt lys, i ny drakt og med frisk, norsk ungdom i hovudrollene. Regissør er Norden sin meister i folkemusikalsk forteljarteater, Leif Stinnerbom. Premieren blir 15. april på Riksscenen i Oslo    

Det er folkedanseprosjektet Danseru’ som har børsta støv av manus og som bles nytt liv i karakterane. 28 talentfulle ungdomar i alderen 16-22 år er plukka ut og mellom dei finn vi noregsmeistrar i både folkedans, kveding, halling og spel. Saman med regissør Leif Stinnerbom, kjent frå mellom anna Tryllefløyten – en folkeopera, tøyer dei grensene for korleis den norske folkedansen og – musikken kan presenterast på ei scene.

 
I tre år har ungdom tileigna seg folkedans gjennom rettleiing frå profesjonelle instruktørar. Filmopptak med gamle tradisjonsdansarar er analysert, og dansar som lenge var ute av bruk, har funne vegen fram att på dansegolvet. I oppsettinga Liti Kjersti vert dei autentiske dansane sett i nye kontekstar, nokre blir stykka opp slik at dei nesten er umoglege å kjenne att, andre står fram slik dei ein gong var.
 
Stykket høver godt som oppsetting med folkedans og folkemusikk. Originalmanus inneheld fleire tradisjonelle stev og dansar, men sidan originalen bar sterkt preg av det nasjonalromantiske og nasjonsbyggande, fann Danseru’ ut det var naudsynt å gjere endringar. Derfor fekk dei Eldgrim Springgard til å skrive om stykket.
 
Versjonen vår av Liti Kjersti blir garantert noko heilt anna enn Hulda Garborg sin versjon, fortel prosjektleiar Gro Marie Svidal. Hos oss er det tildømes dongeri og ikkje bunad, smiler ho. Men, grunnsteinane er sjølvsagt dei same. Det som er ekstra spanande hos oss er korleis regissør Leif Stinnerbom, og koreograf Jimmy Meurling nyttar den gamle dansen og musikken. Sidan ein folkedansar har eit anna kroppsspråk enn tildømes ein klassisk dansar, vert historiene fortalt med andre kroppslege bilde. Det er utruleg spanande å arbeide slik, og resultatet blir imponerande.
 
Det er topp motiverte ungdomar som er med i prosjektet. Drivkrafta deira er først og fremst gleda ved å kome saman i dans. Ingen av dei tenkjer særleg over at dei samstundes held i hevd ein gamal tradisjon. Det er ein lite omtala bonus. Når dei gjennom prosjektet i tillegg erfarar at folkedansen kan nyttast i ein scenisk samanheng, kan vi få fleire som i framtida ønskjer å leve som profesjonelle folkedansarar. Kanskje var også det ein tanke som dreiv Hulda Garborg til å skrive teater med folkedans og folkemusikk , avsluttar Svidal.
 
Prosjektet er støtta av Kulturdepartementet og Buskerud Fylkeskommune. 

 

 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign