Image

Vidareutdanningskurs i folkedans

Her er ei oversikt dei vidareutdanningskursa som er planlagt 2012/13:


Norsk folkelig dans (DANS6017)


7,5 studiepoeng.

Søknadsfrist 15. november 2012, www.norskfolkeligdans.no
Kursavgift: kr 3000 + semesteravgift

Kursbeskrivelse:
Som student ved emnet, Norsk folkelig dans, vil du få ei innføring i grunnleggande dansetekniske ferdigheiter og den folkelige musikk- og dansetradisjonen. Målet er at den enkelte skal utvikle eigne ferdigheiter og få ei betre forståing av dansen som kunstnerisk uttrykk og sosial samværsform.

Norsk folkelig dans baserer seg på ei praktisk tilnærming til materialet der den enkelte student si utvikling som dansar står sentralt. Øvingane er knytt til auka forståing av den folkelige dansen og musikken, og evne til å tolke det i eigen dans. Gjennom arbeidet med praktiske øvingar blir det satt fokus på omgrep som stil, personligheit, kunstnarisk uttrykk og tradisjon. Studiet vil ha fokus på sjølve danseteknikken, som folkelig bevegelsesmåte, balanse, rotasjon, samdans osb.

Tid og stad for kurs/samlingar, Norsk folkelig dans:
Studiesamling 19. - 27. januar 2013 i Vågå
Eksamenshelg 8.-10. mars 2013 i Trondheim

DANS6017 Norsk folkelig dans høyrer nøye saman med DANS1012 Tradisjonspraksis,
og vi oppmoder alle til å ta begge desse emna same år. DANS1012 Tradisjonspraksis folkedans (7,5 sp) har søknadsfrist 15.april. Opptak gjennom NTNUs søknadsweb: http://www.ntnu.no/studier/soknadsweb

 

Phenomenology in performance (DANS6016)


15 studiepoeng. 

Søknadsfrist 1. mai 2012, www.ntnu.no - søk nå! 
Kursavgift: kr 500 + semesteravgift

Kursbeskrivelse: 
Great attention will be given to the phenomenological analysis (notation) of the human bodily movement, rigorous interviewing techniques inspired by phenomenology, as well as phenomenological analysis (notation) of video recordings of performances. The criteria of aesthetic value-judgments executed by critics in arts and judges in sports will be discussed in phenomenological light.

Kurset passer for dansarar, dansepedagogar, utøvande kunstnarar og koreografar, musikarar og alle interesserte i fenomenologi. 

Tid og stad for kurs/samlingar:
Forelesningar på nett: 9. mai - 9. juni 2012
Nettseminar/videokonferanse i gruppe: 9. juni - 16. august 2012
Diskusjonar i forum på nettsida: 9. juni - 16. august 2012
Samling i Trondheim: 17. - 18. august 2012
Individuell prosjektoppgåve: 9. juni - 9. oktober 2012


Innføring i norsk folkedans (DANS 6001)


15 studiepoeng.

Søknadsfrist: 15. november 2012
Kursavgift: kr 5000

Kursbeskrivelse:
Dette emnet er eit praktisk-metodisk emne spesielt retta mot lærarar i grunnskulen, den vidaregåande skulen og kulturskulen. Emnet gjev gode metodar for folkedansundervisning, og har fokus på å læra inn eit folkedanserepertoar som er godt eigna for målgruppene. Dei særeigne lokala til Bjerkem natur og kultur ved Stiklestad i Nord-Trøndelag dannar ei særeigen ramme rundt emnet.

Sagt om studiet:

"Jeg kunne nesten ingen ting om norsk folkedans. Nå kan jeg ganske mye! I tillegg har jeg fått en forståelse for historie – opphav, bakgrunn og hvordan dansene har vært brukt. Det at kurset holdes på Bjerkem gård er et stort pluss; Stemning, historisk sus, eventyrfortelling, veldig kompetente folk, med livslang erfaring i alle sider ved norsk tradisjon.: bunader/folkedrakter, sang, fortellerkunst, musikk, bygninger og mattradisjoner."

Student 2012


 
"Innføring i Norsk folkedans er et meget relevant og spennende studie for alle som interesserer seg for og ønsker å jobbe med kultur og kulturformidling."

Student 2012


Tid og stad for kurs/samlingar:
Samling 15. - 18. januar 2013
Samling 12. - 15. mars 2013

Begge samlingane er på Kulturgården Bjerkem i Steinkjer.




 

 


 



 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign