Image

Folkedansfeber 2013


Noregs Ungdomslag og Folkedansrådet inviterer i desse dagar til deltaking i prosjektet Folkedansfeber!

I perioden 2012-13 er det lag i den sørlige delene av Austlandet som blir invitert inn i prosjektet.


Image   Image
Marianne og Torill instruerer i dag under Nordlek i Lahti (foto: Synnøve Jørgensen)

Første møte i prosjektet blir måndag 04. juni klokka 1800 på NU-kontoret i Tollbugt. 17. Invitasjon er sendt til laga v/leiar eller kontaktperson. Alle lag som ønskjer å delta i Folkedansfeber stille med tre representantar kvar. Eventuell samarbeidsavtale ang. deltaking i prosjektet vil bli underskrive etter møtet. 
 
Påmelding til møtet innan 27. mai
Skjema for påmelding finn de her: https://docs.google.com/spreadsheet/viewformformkey=dEx6Q2w0NFVncGpJZDQ1X0s2TkxxMWc6MQ
 
I påmeldingsskjemaet blir du bedt om å gi:
-kort oversikt over arrangementa i laget/gruppa
-oversikt over ressurspersonar i laget og i nærmiljøet (aktive og tidl. aktive)
-kva aktivitar kan lokallaget tenke seg å skipe til gjennom prosjektet?
-kva kan vere lokallaget sitt mål med deltaking i prosjektet?
-namn, epost og telefonnr til dei tre personane som kjem på møtet
 

Kva er eit Folkedansfeber-prosjekt?

Folkedansfeber er eit prosjekt som NU har gjennomført ein gong før, i Vest Agder. Som i Vest Agder har vi også denne gongen fått med oss Marianne Dahl og Torill Schinstad som rettleiarar fagleg og organisatorisk.
 
Torill og Marianne har lang erfaring med ulike folkedansprosjekt for og med barn og ungdom i tillegg til at dei sjølv dansar og koreograferer i den profilerte gruppa fant & fente. Marianne er oppvaksen i Sandefjord, men har budd i Oslo dei siste 17 åra. Her har ho vore mest aktiv i Leikarringen Symra i tillegg til mellom anna å vere leiar i folkedansrådet i NU fram til 2009. Torill er oppvaksen i Oslo og aktiv i BUL Oslo sin leikarring. 
 
Mål:
Målet med Folkedansfeber-prosjekta er å få fleire til å dansa folkedans i ungdomshusa og laga rundt om i landet. I tillegg er målet å heve kompetansen på både folkedans, folkemusikk og prosjektstyring i dei lokallaga som er med.
 
Organisering:
Eit folkedansfeberprosjekt skal styrast og organiserast av ei prosjektgruppe. Det er denne gruppa som har ansvar for prosjektet. Gruppa består av ein leiar og 5 medlemmer. Gruppa blir sett saman og valt på første møte. Torill Schinstad og Marianne Dahl er rettleiarar og støttar gruppa i forhold til det faglege og det organisatoriske. Dei kan også brukast som instruktørar.
 
Finansiering:
Aktiviteten i prosjektet skal finansierast med regionale eller lokale midler, eventuelt prosjektmidler. NU bidrar med kr 40 000 som skal dekke honorar og reiseutgifter til Marianne Dahl og Torill Schinstad.
 
Moglege søknadsordningar:
Løpande frist: Rådet for folkemusikk og folkedans (små og raske midler –maks 8000)
1. september: frifond
1. desember: Kulturmidlene, LNU (NU må sende søknaden)
15. september/15. mars: Rådet for folkemusikk og folkedans (Rff) (tiltaksmidler –maks 40 000)
 
Tidsplan:
Prosjektet har oppstart og første møte før sommaren 2012 og blir avslutta til jul 2013.  
Dato og stad for møte:
 

Mål med møtet, 4. juni:

-ide-myldringsmøte for å kome fram til mål, innhald, metode, samarbeidspartar
-setje saman prosjektgruppa
 
Så rask som mogleg etter møtet må prosjektomtale og søknader gjerast ferdig, alle samarbeidspartar må vere på plass.
 
Døme på Folkedansfeberprosjekt:
Lag og grupper kan reisa på besøk til kvarandre, ha felles samlingar, kurs eller dansekveldar, eller kanskje setja opp ei framsyning. Ein får inn eksterne instruktørar som kan komma med nye innspel og inspirera både ungane og dei vaksne. Der det ikkje finst barneleikarringar kan ein starta opp nye og samarbeida med lag som har barneleikarring frå før eller med lag som kan tenkja seg å starta opp noko nytt. Samarbeidspartane treng ikkje å vera tradisjonelle barneleikarringar, ein kan til dømes samarbeida med dansegrupper med annan kulturell bakgrunn og tradisjon.
 
Eit folkedansfeberprosjekt kan ha mange ulike aktivitetar gjennom prosjektperioden. Kanskje kan same aktivitet vandre frå lokallag til lokallag?

 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign