Image

Lobbyarbeid

Delegasjon framfor StortingetFrivillige organisasjonar sentralt og lokalt spelar ei rolle som samfunnspåverkar. Den lokale aktiviteten og verdiorienteringa til medlemene er med å bestemme utviklinga i lokalsamfunnet. På same vis er mange lokale lag som er samla under same paraply med å påverke storsamfunnet. Kva kanalar for påverknad finst? Korleis kan ein gå fram når ein vil nå fram med ein bodskap? Kvifor drive lobbyarbeid? Dette er spørsmål som vil bli diskutert under dette emnet.

Det viktige med temaet er at deltakarane blir bevisst på at dei kan påverke samfunnsutviklinga. Det er fint å presentere nokre kanalar for påverknad og seie litt om korleis ein kan gå fram. Prøv å setje i gang deltakarane sin refleksjon rundt dette. Kom gjerne med historier om korleis lokale lag og enkeltpersonar har gått fram for å bli høyrt. Del gjerne ut nokre av lysarka, slik at deltakarane får med seg noko heimatt. Emna byggjer på kvarandre, så start med første emne før du går vidare til dei neste.

Temaet er delt i tre delemne:
  • Påverknad i lokalsamfunnet
  • Bruk nettverka!
  • Lobbyarbeid i fylket og nasjonalt

Last ned: presentasjon (.pdf)

Last ned: teori (.doc)

Ta kontakt for å få dokumenta i andre format.

 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign