Image

Norske leikar og dansar blir verna av UNESCO

- Målet er å få registrert minst 10 slåttar, dansar eller leikar frå flest mogleg kommunar, fortel Egil Bakka, professor i folkedans ved NTNU og direktør ved Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Rff-sentret) i Trondheim. 
 
No oppmodar han deg til å registrere dei lokale slåttar, dansar og leikar du kjenner. Slik kan du bidra til at grunnlaget blir lagt for at ein viktig del av norsk immateriell kulturarv kjem på UNESCO si verdsarvliste. 
 
- Eg gler meg til å presentere samlinga på Norsk kulturråd sin store konferanse om immateriell kulturarv denne hausten, fortel Egil Bakka. Endre Kleiveland, styreleiar i Noregs Ungdomslag håpar engasjerte folkedansarar, instruktørar og spelemenn registerer alle dansane, leikane og slåttane dei kjenner frå sitt lokalmiljø. 
-Om alle instruktørane i NU registrerer berre ein dans kvar, har vi raskt ei stor samling! avsluttar Endre. 
 
Slik går du fram: 
1. gå inn på http://www.kulturarvporten.no/
2. Registrer deg som brukar 
3. Legg inn ditt bidrag 

 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign