Image

Til Vågå for å bli ein betre dansar

 -Som arrangør er vi i Studieforbundet kultur og tradisjon glade for å kunne invitere nye studentar til eiga bygd og til Midtli grendehus i januar, smiler Kjærsti Gangsø, dagleg leiar i Studieforbundet. -Med Folkemusikktreffen i Vågå som avslutning skal studentane bli godt kjent med Vågå, forsikrar ho.

Image    Image 

 
 
Vidareutdanningskurset Norsk folkelig dans blei i 2002 starta på initiativ av Vegar Vårdal og er nå eit samarbeid mellom Studieforbundet kultur og tradisjon, NTNU VIDERE, Rådet for folkemusikk og folkedans og Noregs Ungdomslag. 
 
I overkant av 140 studentar frå Noreg, Sverige og Danmark har tatt eksamen og kurset er etter kvart anerkjent også i andre dansemiljø enn folkedansmiljøet. –Opp gjennom åra har vi i tillegg til folkedansarar og -musikarar mellom anna hatt studentar med bakgrunn frå ballett, samtidsdans og klassisk musikk, fortel Vegar Vårdal, hovudlærar. Han ønskjer alle med musikk eller dansebakgrunn velkomne til kurset. –Er ein motivert til å gå djupt inn i eigne bevegelsar og dans. Lære om bevegelse i folkelig stil, dans og kultur, er dette det riktige kurset å delta på, forsikrar Vegar.
 
Vegar fortel vidare at studentane skal få gode verktøy og nok tid til seg sjølv og eigen dans. -Målet er å bli ein betre dansar og oppleve dansegolvet på nye måtar, avsluttar han.
 
Norsk folkelig dans har søknadsfrist 15. november. Du finn søknad om opptak på NTNU VIDERE sine sider allereie no. Kurskode DANS6017. 

Image  Image

 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign