Image

Rapport frå pilotprosjekt med Folkedans i kulturskulen er klar!

I rapporten ser ein nærare på utfordringar og erfaringar knytt til eit pilotprosjekt med folkedans i kulturskulen i Levanger kommune. Pilotprosjektet vart gjennomført i skuleåret 2011-2012, og er basert på eit samarbeid mellom Levanger kulturskole og Skogn Ungdomslag. 

Styreleiar Endre Kleiveland skriv dette om prosjektet i føreordet:

Kulturskulane har dei siste tiåra vorte svært viktige opplæringsaktørar for born på kulturfeltet. Med deira breie tilbod både i innhald og geografi, får mange born og ungdom høve til å utfalde seg i all slags kulturelle aktivitetar. Gjennom kulturskulen sine krav til profesjonelle lærarar har feltet fått eit løft i opplæringa, og det er fleire jobbar for profesjonelle utøvarar.

Noregs Ungdomslag (NU) har lenge sett denne utviklinga der kulturskulane veks seg store som opplæringsaktør på kulturfeltet. Samstundes ser NU at frivillige organisasjonar har mykje å tilføre det offentlege sine opplæringsarenaer. Ein kulturskule kan med dagens modell ikkje lære bort korleis ein frivillig aktivitet vert drive. Det sosiale mangfaldet i eit ungdomshus rundt ein kulturaktivitet er det berre dei frivillig drivne laga som kan gjere og lære bort. Det er mykje læring i at unge sjølve driv aktivitetar og er delaktige i avgjerder om kva ungdomshuset skal fyllast med. Og at ungdom melder seg frivillig til dugnad eller tillitsverv.

Med kulturskulen sitt profesjonelle perspektiv på opplæring av unge, saman med NU sin sosiale profil rundt ein kulturaktivitet, trur me at opplæringa kan styrkast og utviklast til felles beste

 

 Rapporten kan lesast her!

 

 

 


 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign