Image

Dramas: manusarkiv og speleløyve

Skal du setje opp eit stykke eller ynskjer å lese manus?

 

Då er det fint å vite litt om Dramas.  Dramas er eit serviceorgan for amatørteatergrupper i Noreg. Så dersom du ynskjer å setje opp eit stykke/ein revy eller har lyst til å lese gjennom manus, gå inn på www.dramas.no

Der finn du nærare 3000 manustitlar (inkludert revyar og musikalar), som du kan søkje opp og bestille for lesing eller framføring. Basen er eit samarbeid mellom Norsk teaterråd og fire samarbeidspartnarar kringom landet, deriblant Noregs Ungdomslag.

På dramas.no kan du enkelt søkje opp manus anten for gjennomlesing eller framføring. Framgangsmåten er den same, men for å bestille for framføring må du fylle ut eit søknadsskjema i tillegg.

Du kan søkje anten direkte på tittel (hugs at det då er viktig med riktig stavemåte, den tar ikkje høgde for feilstaving, så er du usikker, skriv heller delar av tittelen eller bruk ein av dei andre søkefunksjonane), forfattar, sjanger, rollefordeling eller antal roller. Om du bruker rollefordelingsfunksjonen er det viktig å hugse på at der er alle roller teke med, uansett kor små dei er. I tillegg kan ei mannsrolle i mange tilfelle verte spela av ei kvinne og omvendt, så ta gjerne litt i når de legg inn antal.

I basen finn du svar på slike ting som kor lang speletid stykket har, kva målføre det er på (både originalt og lesemanuset), forfattar(ar), årstal, sjanger, kor mange manns/kvinneroller det er, litt om handlinga, med meir. For utfyllande informasjon om manuset kan du ta kontakt med Dramas.




 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign