Image

Litt om rettar, speleløyve og kostnadar

Her kan du finne svar på nokre av dei mest stilte spørsmåla om framsyningar, speleløyve og rettar.


Må ein søke om rettar/speleløyve?

JA.
Alle offentlige framsyningar, anten ein krev inngangspengar eller ei, fell innunder åndsverklova og det skal betalast royalties/avgift til alle rettshavarar. Unntaket er dersom ein brukar eit manus i undervisninga eller framfører det internt i teatergruppa. Dersom ein inviterer andre, for eksempel foreldre, venar o.l. er det å sjå som ei offentleg framsyning og ein må ha speleløyve.


Viktig råd om planlegging:

Ta alltid kontakt med Dramas om speleløyve FØR de byrjar å øve inn stykket!  Det tek tid å behandle søknaden, så de bør rekne at behandlinga av søknaden tek kring ein månad.  Slik unngår de at framsyninga vert stoppa før premieren. -For dette kan skje -og har diverre skjedd med andre.

Kven har rettar?

Alle som har arbeidd med manuset. For eksempel forfattar, oversettar, komponist og dramatisør. Kven som har rettar til stykket ser du på manusframsida eller i manusposten på www.dramas.no
Dersom siste kjende opphavsmann har vore daud i minst i 70 år, vert verket frigjeve. Men sjølv om for eksempel Shakespeare er frigjeve er det sannsynlegvis ein annan som har bearbeidd eller oversett stykket i dei seinare år. Dermed har denne personen rettar til stykket, og skal ha royalties.
Hugs også at dersom de skriv noko sjølv, eller omsett nokon andre sitt manus, kan de då ha rettar i eit seinare høve  om nokon andre brukar dykkar manus/dykkar omsetjing. (Hugs at om de omset nokon andre sitt manus, må de allikevel søke om speleløyve, samt retten til å omsetje det manuset). 

Korleis søker ein om rettar/speleløyve?

Heldigvis er det ikkje vanskeleg å søkje om speleløyve på dramas. Gå inn på www.dramas.no søk opp tittelen du ynskjer å setje opp. Bestill for framføring og fyll ut den elektroniske søknaden som kjem opp. Du gjer det på same måte når du bestiller manus for lesing, men då slepp du å fylle ut elektronisk søknad. 

Kva må med i søknaden?

Det dramas (og andre) absolutt må vite er speledatoane, billettpris, antal sitjeplassar, og om ein treng manus eller notar.

Kva kostar det å setje opp eit stykke?

Det varierer etter type verk og diverse anna. Konkrete prisar kan berre verte opplyste om ved ein formell søknad. For eksempel kostar utanlandske musikalar meir enn norsk dramatikk. Ved musikalar kjem det noteleige i tillegg. På dramas finn du veiledande prisar : www.dramas.no.

 

Kva skjer vidare med søknaden hjå dramas?

Den vert sendt vidare til riktig rettshavar og ved godkjenning lagar dramas kontraktar. Til slutt, på grunnlag av billettrekneskapen, reknar me ut kva som skal betalast og lagar faktura til gruppa/laget.

Kva må dramas-søkaren gjere vidare?

De må signere kontrakten, og sende dette tilbake til Dramas.  I kontrakten og følgjebrevet står det alltid mykje viktig informasjon, og gruppa har ansvar for å lese dette nøye.  Dramas treng også speleplanen, og når framsyninga er ferdigspela skal dei ha billettrekneskapen.

Kor lang tid tek det å få søknaden behandla?

Behandlingstida på framføringssøknader er alt frå 1 veke til 1 månad. Det er avhengig av kor lang tid for eksempel forlaga brukar på å behandle den. Lesesøknader skal behandlast innan 2 veker.

Kven bestemmer kva det skal koste, og kven gjev speleløyve?

Det krevs løyve frå alle rettshavarar og/eller dei som forvaltar rettane. Det er også dei som bestemmer kva det skal koste. 

Må ein bruke Dramas for å søkje om rettar/speleløyve?

Dramas i regi av Teateralliansen har oppgåva med å klarere speleløyve for norske amatørteaterproduksjonar. Om ein vender seg direkte til for eksempel forlag, blir ein som regel beden om å vende seg til dramas. Dramas er også nøkkelen til ein enklare måte å administrere ein amatørproduksjon på.

Kan kven som helst bruke Dramas?

Ja, alle kan bruke dramas og bestille manus for gjennomlesing. Søknader om framføring/speleløyve vert kun handsama for norske amatørproduksjonar.

Kvar får ein tak i notar og musikk?

Når ein får speleløyve for ein musikal, operette o.l. omfattar dette normalt alle rettar til originalverket. Oftast får ein leige notar direkte frå forlaga, der prisane er lagt med i kontraktane dramas lagar. Om ein ikkje har sagt noko anna i søknaden, får ein notar seinast 3 månader før premieren. Det er viktig at det kun er det autoriserte notematerialet som vert brukt. Ein kan heller ikkje bearbeide  musikken, og det er kun dei originale musikkinstrumenta som skal verte brukt. Når det gjeld norske musikalar har Dramas noko notar. For eksempel har dei fullt orkestermateriale og singback-CD til alle Egner-manusa.

Dersom regissøren er profesjonell, er det ein amatørproduksjon då?

Ja. Det er kun skodespelarane som må vere amatørar.

Om du har fleire spørsmål om speleløyve, rettar og kostnader, ta kontakt med  Dramas.

 

Tvi, tvi!  





 





 

 

 


 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign