Image

Gjesteinstruktør til laget ditt?

Gjesteinstruktør, teater

Teater/revygrupper i Noregs Ungdomslag kan få besøk av ein instruktør heim til laget sitt. Vi tilbyr alt frå hjelp til å starte teatergruppe, øvingshelg, kurs i improvisasjon, revy, skodespelarteknikk, fysisk uttrykk, klovning, sminke, scenografi m.m.

Vi ber laga om sjølv å kome med kursforslag. Så lenge temaet har med teater/scene å gjere er det innafor. Me finn den instruktøren som kan passe best til nett det temaet di gruppe ynskjer, og de kan sjølv kome med framlegg om instruktør dersom de har nokon de kunne tenke dykk å ha kurs med. I og med at me ikkje har fast ansette instruktørar som står klare til å verte sendt ut, betyr det at det er viktig at de er ute i god tid. Minimum 20 virkedagar før kursstart. 

Korleis tinge instruktøren?
Ta kontakt på 
kurs@ungdomslag.no og avtal tidspunkt og kva type kurs de ønskjer. Kontoret syter då for å skaffe den rette instruktøren til ditt lag. Laget betaler ein eigendel på kr. 5000,- (6000 for fylkeslag). Laget får då helgekurs på 12 timar og Noregs Ungdomslag betalar honorar, reise og overnatting til instruktør. Laget er ansvarleg for å skaffe høveleg overnatting til instruktøren, men rekninga vert sendt til Noregs Ungdomslag. Avlysingsfrist for eit oppdrag er på 15 virkedagar, etter det må laget betale sin eigenandel uansett. Det tyder at det er viktig å vere ute i god tid for å tinge gjesteinstruktør. 



Gjesteinstruktør, folkedans 

Lokallag i Noregs Ungdomslag kan få besøk av ein folkedansinstruktør. 

Helgekurs
Vi tilbyr desse helgekursa (12 timar): 
Nybegynnarkurs i folkedans for ungdom og vaksne (last ned studieplan)
Grunnleggande instruktørkurs i folkedans (last ned studieplan)

Pris helgekurs: Laget betaler ein eigendel på kr 4000 (6000 for fylkeslag). Laget får helgekurs på 12 timar og NU betaler honorar, reise og overnatting for instruktøren. 

Dagskurs
Eit lag kan også få besøk av ein folkedansinstruktør på kvardagar. Dette forutset eit samarbeid med ein grunnskule i nærleiken. 
Instruktøren har undervisning på skulen (2 - 6 undervisningstimar) på dagtid og i laget på kvelden (2 - 4 undervisningstimar). 

Skulebesøk (last ned studieplan) 
Kveldskurs i folkedans for barn (last ned studieplan)
Kveldskurs i folkedans for vaksne (øvde dansarar)

Pris, dagskurs: Eit lokallag betaler ein eigendel på kr 2000 (3000 for fylkeslag). NU betaler honorar, reise og overnatting for instruktøren. 

I avtalen om oppdrag vil vi vite detaljert timeplan (for heile dagen), kontaktperson på skolen, kontaktperson i laget, alderssteg for kursa og tal elevar i kvar gruppe.  

Vel ein instruktør:  
Vi legg etter kvart ut ei liste der instruktørar/dansepedagogar som ønskjer oppdrag presenterer seg sjølv, kva kurs dei kan halde og kva deira spesialitet er (tema, tradisjon osb.). Denne lista vil ligge tilgjengeleg her. 

Korleis tinge ein instruktør?
Vel deg ut eit kurs og ein instruktør ut frå studieplanane og lista over instruktørar. Ta deretter kontakt med folkedansrådgjevar Halldis Folkedal (halldis@ungdomslag.no) for å avtale kurstype og tidspunkt. NU lager avtale med både lærar og lokallaget, samt betalar honorar, reise og overnatting til instruktør. Laget betaler eigenandelen til NU. 

Gjesteinstruktør, organisasjon

Lokallaga i Noregs Ungdomslag kan få besøk ein lærar med kunnskap om organisasjonsarbeid. 

Vi tilbyr: 
Grunnkurs i organisasjonsarbeid (helgekurs á 8 timar)
Grunnkurs i organisasjonsarbeid (helgekurs á 12 timar)

Pris, 8 timarskurs: Eit lag betaler ein eigendel på kr 3000. Laget får helgekurs på 8 timar og NU betaler honorar, reise og overnatting for læraren. 

Pris, 12 timarskurs: Eit lag betaler ein eigendel på kr 4000. Laget får helgekurs på 12 timar og NU betaler honorar, reise og overnatting for læraren. 

Korleis tinge instruktøren?
Ta kontakt med organisasjonskonsulent Alf Steinar Nekstad (alf.steinar@ungdomslag.no) på NU-kontoret og avtal tidspunkt og kva type kurs de ynskjer. Kontoret syter for å sende eit forslag til avtale, samt skaffe den rette instruktøren til ditt lag. 



 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign