Image

Ny innkrevjingsmodell for kontingenten frå 2014

Noregs Ungdomslag har lokal innkrevjing av kontingenten frå medlemmene. Dette betyr at medlemmene betalar kontingenten sin til lokallaga, og at fylkeslaget og Noregs Ungdomslag fakturerer lokallaga for den delen av medlemskontingenten som skal til fylkes- og sentralleddet.



Landsmøtet 2013 vedtok ein ny modell for fakturering av kontingenten frå medlemmene. Den nye modellen medfører at laga blir fakturert for kontingent med bakgrunn i kor mange medlemmer laga hadde to år tidlegare.

Dette vil ikkje bety at laga blir fakturert for fleire eller færre medlemmer enn laget faktisk har, men det vil bety at det er blir to års etterslep på innbetaling av kontingenten til NU sentralt. 

Den nye modellen vil gjelde frå og med 2014. 

Nærare om den nye modellen

Laga vil i 2014 bli fakturert for medlemskontingent for eit grunnlagsår som ligg to kalenderår tilbake i tid (Dvs medlemstalet i 2012). Dette medlemstalet vert stadfesta av lokallaga når ein leverte årsrapport for 2012 i Hypersys (seinast 1.9.2013), og det same medlemstalet ligg frå før til grunn for utmålinga av frifondmidlar i 2014 (med søknadsfrist 1.9.2014). Dette gjer at det er meir samsvar mellom dei medlemmene ein blir fakturert for, og dei medlemmene ein får utmålt tilskot på bakgrunn av. 

 

Dette betyr at Noregs Ungdomslag frå 2014 kan fakturere laga for kontingent allereie på vårparten, sidan fakturagrunnlaget då vil vere 2012. Det betyr også at laga unngår fleire fakturarunder i løpet av året. Landsmøtet har vedteke at forfallsdato for kontingentkravet skal vere 1. mai.

 

Bakgrunn for at landsmøtet har vedteke ein ny modell

Over  40% av inntektene til Noregs Ungdomslag er kontingent frå medlemmene og laga, og kontingentinntektene må difor seiast å vere ein sentral del av NU sine samla inntekter. Dette betyr at vi må ha rutiner som sikrar at vi har eit godt grunnlag for fakturering og innkrevjing av kontingenten.

 

Dei fleste lag får nye medlemmer i løpet av året. Dette gjer at laga til og med 2013 blir fakturert for kontingent i tre omgangar: Første gong på vårparten, når ein skal ha registrert dei personane som har fornya medlemsskapt frå året før, andre gong i september, når evt. nye medlemmer som har meldt seg inn ved oppstart av nytt skuleår bør vere registrert, og endeleg i desember, når strengt tatt alle medlemmer skal vere registrert.



Utfordringa til Noregs Ungdomslag har dei seinare åra vore at for mange av laga er veldig sein med å registrere medlemmene sine. I praksis kan medlemstalet bli endra heilt til laget leverer årsrapport det påfølgjande året. Denne årsrapporten skal vere levert 1. mars, men i praksis blir denne i mange tilfelle først levert 1. september, i samband med at laget søkjer om Frifondmidlar. Trass i at NU-kontoret brukar mykje tid på purring og oppfølging av lag som ikkje har oppdatert medlemslistene sine, er det først i september det påfølgjande året vi kan seie at medlemstalet er stadfesta og endeleg.

 

Det var fleire utfordringar med det gamle systemet. Sidan mange lag ikkje ser føremålet med å oppdatere medlemslistene jamleg, betyr dette at faktureringsgrunnlaget ofte har vore tynt når kontingentkrav skal sendast ut, og administrasjonen har purra på laga i mange omgangar, ofte ved hjelp av telefonisk kontakt, for å få dei til å oppdatere medlemslistene.

 

Dette betyr også at medlemskontingenten til NU har kome inn veldig seint på året. I tillegg til at dette gir NU store likviditetsmessige utfordringar, gir det også ein del utfordringar for budsjettstyringa. Når styret i september/oktober ikkje veit kor stor kontingentinntektene vil bli, har dette dei siste åra ført til at ein kvar haust har stramma inn på kostnadssida i budsjettet, for å ikkje gå mot eit underskot. Det er lokallaga som i siste instasns blir skadelidande av dette, sidan planlagt aktivitet og/eller reiseaktivitet ofte blir redusert.

 

 

 

 


 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign