Image

Asbjørn Thomassen utnemnd som heidersmedlem

ImageStyret i NU utnemnde 21. september Asbjørn Thomassen som heidersmedlem i Noregs Ungdomslag. Heidersutnemninga er knytt til Asbjørn sin mangeårige innsats med å dokumentere fanene og bannera som har vore tilknytt den frilynde ungdomslagsrørsla.


Asbjørn Thomassen har gjennom dei siste 15 åra lagt ned ein enorm innsats med å dokumentere fanene som har vore tilknytt ungdomslagsrørsla. Asbjørn har i dag 568 registrerte objekt i samlinga, der dei fleste også er dokumentert gjennom foto. Etter kvart som dokumentasjonsarbeidet tok form fekk Asbjørn ideen om at samlinga burde bli gitt ut som ei praktbok.

Dei siste åra har Asbjørn arbeidd med manuset til ei slik bok. Manuset er på det næraste ferdig, og målet er å gje ut boka ut i samband med grunnlovsjubileet i 2014. 

Asbjørn har arbeidd med faneprosjektet nær sagt kvar dag desse 15 åra, og alt arbeid har vore gjort på dugnad, drive av idealisme for ungdomslaga og for den rike kultur- og organisasjonshistoria fanene representerer. Leiar Endre Kleiveland la i sin tale til Asbjørn vekt på at Asbjørn er ei inspirasjonskjelde for mange, og at han gjennom arbeidet sitt har sørga for at ein sentral del av kulturhistoria til ungdomslagsrørsla er dokumentert for all ettertid.

På grunn av Asbjørn sin helsetilstand vart heidersutnemninga gitt i ei privat tilstelling 22. september, der Asbjørn og kona Lisbeth var til stade, saman med styreleiar Endre Kleiveland, nestleiar Kine Reiersen og generalsekretær Eli Ulvestad.


 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign