Image

120 ungdomshus er kartlagt

Første runde i Ungdomshusundersøkinga er unna. Tilsaman har 120 lag med hus svara oss, og 60 lag utan hus. Det er kjempeflott resultat. På landsmøtet i Noregs Ungdomslag i Oslo 4.-6 april vil deler av undersøkinga få ein kort presentasjon, og vi vil trekkja vinnar av kr 5000 til lag som svara innan fristen vi sette 25. februar.

 

Image

Foto: Ulaheim - UL Ulabrand


Men enno manglar vi svar frå fleire lag som eig ungdomshus eller er medeigar i samfunnshus/forsamlingshus. Til nettportalen som vi skal lage i 2014 er det meininga at ALLE ungdomshusa i landet skal vera presentert med kvar si side. Foto som viser ungdomshusa både ute og inne har vi, men oppdatert informasjon om husa må vi be alle laga om å sende oss.

 

Litt stoff frå undersøkinga til no.

Ser vi på lag som eig hus så er det fleire positive svar å merka seg.  Laga eig husa sjølve,  eit førebels snitt i storleik er 750 m2 pr. hus, husa har stort sett nye kjøkken og toalett, men scenane er for det meste små etter dagens krav, sjølv om halvparten av husa har skodespelargarderobe bak scenen. Husa rommar mellom 200 og 150 plassar for publikum, og mange hus har fleire rom i tillegg til salen. Godt over halvparten har universell tilgang, medan omgjevnadene til ungdomshusa varierer frå grus og asfalt med litt plen til småskog og kratt og skog. Mange hus ligg diverre utan for sentrum og og vert perifere i dagens tettstadliv.

 

Laga driv med teater, dans og kursmøte, medan mange lag leiger ofte bort ungdomshusa sine til private og andreorganisasjonar.Gjennomgåandeblir ungdomshusa drifta på dugnad, utan noko stor støtte frå kommunar eller sponsorar, men laga seier at dei har stabil økonomi til husdrifta. Til sist ser vi av svara at 70 % av laga har eigen Facebookside og 40 % har eigene heimesider. Mange lag har ønskje om oppgradering og nybygg, hus er gamle og slitne. Det er ungdomshus som feirer 100 år, men mange vart bygd på 1920 og 1930 åra, og sjølv om det er blitt sett inn nye toalett og kjøken dei siste 20 åra, så er husa ofte upraktiske for dagens krav og ikkje minst vanskelege å halda varme.

 

Skal ein bygge til og fornya huset, er det stor konkurranse om å få offentlege midlar, og laga må stå i søknadskø. Utfordringane er mange for lag som eig ungdomshus, likevel ser vi at lag som eig hus,  ofte godt, dei er stabile og populære i lokalsamfunnet. I mange tettstader og bygder er ungdomshuset einaste plassen for sosialt samvær, bryllaup, fest, teater og dans.

 

For å kome vidare i arbeidet med nettbasen vår, vil vi be laga som enno ikkje har levert svar om å senda inn sine svar til oss. NU vil plukke ut laga som vi mangla å purre.

Det vil verta ein flott database for ungdomshusa, både for å visa politikarane kva rørsla har bygd gjennom alle desse 100 åra,  for å halde Noreg med kulturhus. Ungdomshusa vil få status, vert meir kjende og vil verta synlege for fleire.

 

Støtt opp om prosjektet og lat huset ditt visa igjen i databasen. Den vert også knytt til fylkesprosjekta Huset i bygda, eit prosjekt som heilt sikkert kjem i fleire fylke.

 

Etterkvart finn du oss på www.husetibygda.no og på NU sine sider www.ungdomslag.no/ungdomshus så følg med på nettet når vi no snart legg ut dei første sidene.  


 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign