Image

Arbeidsplan for perioden 2014-2016

1. Styrke den lokale aktiviteten
Noregs Ungdomslag er tufta på lokal aktivitet. Ei styrking av denne aktiviteten vil styrke Noregs Ungdomslag som organisasjon. Ein kvar organisasjon i utvikling må ha ei målsetjing om auke eller vekst for å vere levekraftig.

Mål for perioden 2014-2016
• Det skal vere innført ei desentralisert instruktøropplæring innanfor teater og dans, slik at laga kan få fleire og meir skolerte instruktørar.
• NU skal ha satt i gang regionale husutviklingsprosjekt i fire nye fylke.
• NU skal ha eit auka servicetilbod overfor lag som driv eigne hus.
• Nasjonale prosjekt skal synleggjere og styrke den lokale aktiviteten. 


2. Styrke nettverket mellom ungdomslaga på lokalt, regionalt, nasjonalt og nordisk nivå

Ungdomslaga sitt arbeid tek utgangspunkt i det lokale særpreget for sitt miljø og sine behov. Det vil vere viktig for organisasjonsbygginga at laga opplever eit fellesskap på tvers av geografiske og faglege linjer. Fylkeslaga må ha ei viktigare rolle i dette arbeidet .

Mål for perioden 2014-2016
• Halvparten av lokallaga skal ha fått besøk frå sentralleddet og fylkeslaget, med ein langsiktig strategi for besøk av alle laga innanfor langtidsplanperioden.
• Avklare rolla til fylkeslag som ikkje fungerer optimalt ut frå lokallaga sine behov.
• Sommarleiren, folkedansfestivalen, amatørteaterfestivalen og Nordlek skal vere naturlege arenaer for fleire lokallag. 


3. Auke opplæringsaktiviteten 

Vaksenopplæringsforbundet har satt eit mål om at tal deltakarar på kurs skal doblast i perioden 2012-2017. Dette må NU følgje opp med klare målsetjingar for opplæringsarbeidet på alle plan i organisasjonen. Styrka opplæring vil føre til auka aktivitet og ein meir levande lokalkultur. 


Mål for perioden 2014-2016
• Støtteordningane innanfor opplæring skal vere betre kjent i lokallaga.
• Utvikle gjesteinstruktørordninga i NU, slik at fleire lag kan nytte godt av ordninga.
• NU skal ha eit etablert opplæringstilbod for instruktørar for barn. 

• Sikre at det finst gode vidareutdanningar for instruktørar.

4. Styrke demokratiarenaene 

Oppslutnaden kring dei formelle demokratiarenaene i ungdomslaga er svak. Dårleg oppmøte på årsmøta på fylkes- og sentralplan medfører at vedtak som blir fatta ikkje er representative, og vi vil i realiteten få ein organisasjon som er styrt av få. 


Mål for perioden 2014-2016
• Landsmøtet skal få auka oppslutnad frå lokallaga.
• Landsrådet skal utviklast som ein møtearena for fylkeslaga og sentralleddet.
• Alle fylkeslag skal gjennomføre årsmøte kvart år, med auka oppslutnad frå lokallaga. 


5. Sikre ungdomslaga som formidlarar av immateriell kulturarv 

Ungdomslaga har ei viktig oppgåve i å formidle og utvikle den immaterielle kulturarven i landet. Tradisjonane spesielt innanfor folkedans og amatørteaterarbeid er lange i ungdomslaga, og det må vere ei nasjonal bevisstheit rundt forvaltninga av denne kulturarven. 


Mål for perioden 2014-2016
• NU skal vere ein tydeleg interessepolitisk aktør i samarbeidsorgan og overfor styresmaktene, for å fremje ungdomslaga sin kulturfaglege posisjon.
• NU skal vere den leiande folkedansorganisasjonen i Noreg.
• Amatørteatret i NU skal framstå som ein arena for lokal sjølvkjensle, ytringsfridom og mangfald.
• NU skal ha eit etablert og velfungerande samarbeid med andre aktørar som arbeider med bunadsspørsmål, for å tilby gode 
opplærings- og møtearenaer.
 
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign