Image

PRESSEMELDING: Kronerulling i bygda for å betale moms

Ungdomslag driv kronerulling i bygda for å betale momsutgifter til oppussing av ungdomshusa sine. Prinsippet om at frivillige organisasjonar skal slippe å betale moms ligg fortsatt fram i tid. I alle fall for lag som har eige hus.

Stortinget innførte i 2010 ei momskompensasjonsordning for frivillige organisasjonar, der målet frå starten av har vore at organisasjonane skal få full momskompensasjon. Men ordninga er tilpassa slik at det er store deler av omsetninga til frivillige organisasjonar det ikkje er mogleg å søkje momskompensasjon for, som nybygg, påbygg og ombygging.

- Dette er eit meiningslaust regelverk seier Endre Kleiveland, styreleiar i Noregs Ungdomslag.

- Grensene for kva som er fell innanfor ordninga og utanfor er uklare og ikkje minst ulogiske. Å skifte taket på ungdomshuset er mogleg å søkje momskompensasjon for, men å etterisolere taket i same slengen fell utanfor ordninga. Dette er svært uheldig for vår type organisasjon som eig mange hus, fortset Kleiveland.
Lokallaga til Noregs Ungdomslag eig til saman 250 ungdomshus som blir brukt som forsamlingshus i bygda, både for ungdomslagsmedlemmer og andre. Dei fleste av laga har planar om vedlikehald og oppussing, men må tilpasse planane etter regelverket. Dei verkeleg store påkostningane fell ofte utanfor ordninga for momskompensasjon.


Stortingsrepresentant Kjersti Toppe frå Senterpartiet vil forenkle regelverket.
- Det er ingen meining i at deler av kostnadane ved å drive eit frivillig hus står utanfor ordninga for momskompensasjon. Dette er kostnader som fullt ut er momspliktige. Eg har tatt initiativ overfor Stortinget og vil be Regjeringa endre regelverket.

Videre seier Toppe:
- Dei frivillige drivne forsamlingshusa rundt på bygda er ofte det einaste huset som er mogleg å drive aktivitet i, og dermed svært verdfulle for lokalsamfunnet. Det er viktig å legge til rette for at slike hus skal kunne utvikle seg og moderniserast.

Kleiveland er glad for at Toppe engasjerer seg i saka.
- Det at Kjersti Toppe frontar denne saka er svært positivt og gjev oss trua på at det me driv med er viktig. Me håper Toppe får gjennomslag i Stortinget og at forskrifta blir endra, avslutter Kleiveland.

Kjersti Toppe, Per Olaf Lundteigen og Ivar Odnes frå Senterpartiet leverte eit representantforslag om saka til Stortinget på torsdag. Representantforslaget finn de her.

Kontakt:
Endre Kleiveland: endre@ungdomslag.no. Tlf 41408558
Kjersti Toppe: kjersti.toppe@stortinget.no

Pressebilete av Endre Kleiveland

Last ned pressemelding som word-dokument

Image

Noregs Ungdomslag vart skipa i 1896 og er ein kulturorganisasjon med over 14 000 medlemmer i 400 lag i heile Noreg. NU skaper kvar dag engasjement og levande lokalmiljø gjennom folkelege kulturaktivitetar.
 


 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign