Image

Hilmar:UNG

 

Hilmar:UNG
-ein møteplass av dei sjeldne!

-På Hilmar:UNG lagar ein i år møteplassar for ungdomar på tvers av organisasjonar og geografi. Her skal ein ha moglegheit til å bli kjend med kvarandre, på kurs med supre instruktørar. På kveldstid får ein også festivalopplevingar på Hilmarfestivalen. Alt dette seier Ina Cyrus som er tilsett i Stiftinga Hilmar Alexandersen.

Hilmar:UNG er eit samarbeid mellom Bygda Dansar, Folkorg og Noregs Ungdomslag, og saman trør dei til for å laga ein møteplass denne helga. Desse aktørane arbeider med mykje av det same, samstundes som at ein har ein ganske delt medlemsmasse. – Dette er ein flott sjanse til å samarbeida seier Marit Vestrum i FolkOrg.

Knallsterke instruktørar

-Det er ikkje kvar dag ein får moglegheit til å verta undervist av dei som står på scena same kveld. Inga Myhr arbeider som prosjektmedarbeidar for Bygda dansar i Hedmark og er oppteken av høg kvalitet i undervisinga og det meiner ho at ein får med desse instruktørane.

Instruktørane på dans er Torkjell Lunde Børsheim og Ådne Kolbjørnhus. Dei  har begge dansa i Frikar og dansar både halling og pardans. Nina Fjeldet, Øyvind Sandum og Rikke van Ommeren er instruktørar på spelkurset, og her er det berre å koma med dei instrumenta ein har!


Festival på kjøpet
Hilmarfestivalen er ein festival som vert arrangert på seinhausten, ei tid det ikkje er mange andre festivalar rundtom i landet. Dette vert dermed eit fint høve til å få med seg festivalstemning i haustmyrket. – Det er fint at det dukkar opp møteplassar opp andre stader i landet, seier Halldis Folkedal i Noregs Ungdomslag. – Det er vel ingen ting som er betre enn å vera saman med vener på festival og kombinert med kurs på dagtid, vert dette eit høgdepunkt. Hilmarfestivalen er altså ein del av kurspakka, og den er inkludert i påmeldingsavgifta. Her snakkar ein om rimeleg kursavgift! Freistar det med kurs, konsertar, danseframsyning og dansefest så er HilmarUng noko for deg!

Pris 450 kr før 20. oktober ( denne prisen er inkludert festivalpass, mat, overnatting og kurs!)
 

Spørsmål og påmelding: ina(a)hilmarfestivalen.no
www.hilmarfestivalen.no



 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign