Image

RFF-prisen 2014 til Velle Espeland

ImagePressemelding frå Rådet for folkemusikk og folkedans:

Rådet for folkemusikk og folkedans har i år vald å gi Rff-prisen 2014 til Velle Espeland for hans store innsats ved Norsk visearkiv. Espeland var med på opprettinga av arkivet i 1983, og har vore dagleg leiar sidan då. Interessefelta hans femner folkeviser, skillingsviser og balladar, i tillegg til arbeidssongar og songar for born.

Gjennom sitt arbeid har han gjort visearkivet til ein svært viktig kunnskapsbase for både folkemusikkinteresserte og alle andre som har spørsmål omkring norske songar og viser. Her har mange utøvarar, studentar og forskarar fått kyndig hjelp i sitt arbeid. Norsk visearkiv har vore eit lavterskeltilbod med svært mange og ulike brukarar. Ingen for høg, ingen for låg; alle spørsmål har vore like viktige.

Velle Nils Espeland er fødd 6. juli 1945 i Sør-Fron. Han tok eksamen artium på Gudbrandsdal gymnas i 1964. Etter dette studerte han folkloristikk ved Universitetet i Oslo. Han leverte i 1974 ei avhandling, «Folkesong i Bjerkreim», for magistergraden, og same året vart han tilsett ved Institutt for kulturstudiar. Der underviste han i 30 år, frå 1974 til 2003.

Stikkord for Espeland sin produksjon kan vere folkloristisk og kulturhistorisk mangfald. Han har forfatta mange artiklar og bøker om emna folkeminnevitskap og kulturhistorie. Dette omfattar artiklar om balladar, kvardagssong, skillingsviser, songideologi og bøker om spøkelse, helgenar, mat, svartebøker og by- og bygdesongar. Han har òg arbeidd med omsetjing av teikneseriar som Sprint og Spiralis. Saman med broren sin, Gard Espeland, har han skrive tekst til julehefte som Smørbukk og Tuss og Troll.

Eit viktig interessefelt for Espeland har vore kvardagssongen; dvs. introvert song, song i dusjen, allsong, den ikkje-profesjonelle og ikkje-organiserte songen. Han har vore oppteken av at kunnskap om viser og visesong ikkje berre må omfatte tekstene, men like mye melodiane, syngemåtar og kontekst. Slik har han utvikla Norsk visearkiv til å være et tverrfaglig kompetansesenter for norsk songtradisjon.

Arkivet har nå blitt ein del av Nasjonalbibliotekets musikkseksjon saman med bl.a. Norsk jazzarkiv og Norsk folkemusikksamling. Då Norsk visearkiv ble oppretta i 1983, var det for å sikre at nokon tok vare på og utvikla kunnskap om den norske visetradisjonen i ei tid då ingen andre gjorde det. At ein stor og statleg institusjon som Nasjonalbiblioteket nå fører dette arbeidet vidare, viser at Espeland har lyktes i sitt arbeid for å heve statusen for visa som arkiv- og forskingsobjekt.

Kontakter:

Prisvinner Velle Espeland, tlf. 413 08 265, (Bibliografi)
Rådet for folkemusikk og folkedans v/rådsmedlem Ragnhild Knudsen, tlf. 915 72 412

Om Rff-prisen:

Rff-prisen blir utdelt av Rådet for folkemusikk og folkedans til personer som har gjort en ekstraordinær innsats på områdene folkemusikk og/eller folkedans. Den ble stiftet i 1993 og har siden blitt utdelt årlig. Prisen er på kr. 25 000 samt et steinmotiv og blir delt ut torsdag 30. oktober under Årskonferansen for folkemusikk og folkedans som Rådet arrangerer i Trondheim.

 

 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign