Image

Seminar: Hus som skaper landet

Noregs Ungdomslag og BUL Oslo inviterer til ungdomshusseminar i Oslo 24. og 25. oktober med tema "Hus som skaper landet."

Ungdomshusa har vore særs viktig for utvikling av eit demokratisk og sjølvstendig Noreg. I dag finst om lag 300 slike hus over heile landet. Historia om livet og innhaldet i desse husa er viktige for forståinga av Noreg, og kva dei har betydd for utviklinga av det nye Noreg, ei historie som ikkje er godt nok fortalt.

Rundt om i landet står dei «små kulturhusa», hus som framleis kan vere ein viktig arena for å danne nye fellesskap, for å uttrykke seg innan teater, musikk, dans, kunst- og kultur. Bygga kan også ha verdi for turistnæringa som møteplassar for backpakkarar, utstillingsarenaer eller som arena for tradisjonell folklore.

Husa til frivillige organisasjonar som ungdomshus, skuler, bedehus, samfunnshus har ikkje fått ein tilstrekkeleg plass i forteljinga om framveksten  av Noreg.

Noregs Ungdomslag vil, saman med BUL Oslo, få fram deler av denne historia, vi vil syna potensialet som desse bygga har, kulturelt, sosial og økonomisk. Vi vil vise krafta desse bygga kan ha og kva for innhald husa kan ha, og korleis ein får til økonomisk samhandling mellom offentlege og private aktørar i bevaring, opprusting og drift.Motkultur og ungdomshus

BUL og Rosenkrantz’ gate 8 var sjølve storstova til norskdomsrørsla i hovudstaden. Bygget blei reist i 1913 og samtidig med dette blei det reist mange hundre ungdomshus omkring i landet. Det var her mykje av ideologien og strategiane for norskdomsrørsla blei forma. Miljøa var prega av bygdas fremste menn og kvinner og det folkelege. Det var ein motkultur som fekk stor inn- flytelse i utviklinga av kultur i Noreg.

Vi ønskjer å sjå på dei verdiane og desse ideologiane som låg til grunn for norskdomsrørsla og motkulturrørsla har hatt, og kan få for utvikling av Noreg i dag. Vi ønskjer mellom anna å spørje.
  • Kva er motkultur?
  • Finst motkultur i dag?
  • Er arven frå norskdomsrørsla ein ressurs i utvikla av Noreg?

Som ein oppstart for dette gjennomfører vi seminar/samtaler om Ungdomshusa. 

Program og påmelding

Påmelding innan 15. oktober ved å følgje denne lenka. Seminaravgift for NU-medlemmer kr 350. For andre deltakarar er seminaravgifta kr. 500. Dette dekker lunsj- og kaffipausane som inngår i programmet


Fullstendig program kan du laste ned her.




 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign