Image

All kulturaktivitet bør ha gode fysiske rammevilkår

Pressemelding frå Noregs Ungdomslag:

I statsbudsjettet for 2015 legg Regjeringa vekt på at kulturpolitikken skal leggje til rette for eit kulturliv som veks ut frå lokalt engasjement. Mellom anna blir det foreslått ei auke i momskompensasjon for idrettsanlegg på nesten 17 millionar. Momskompensasjon til organisasjonseigde kulturbygg blir derimot ikkje nemnt.


I det høve kjem Endre Kleiveland, styreleiar i Noregs Ungdomslag, med ei oppmoding: - Regjeringa  påpeikar at kultur skjer der folk er, og at dei difor gjer ei bevisst spreiing av løyvingar ut i heile landet. Om dei verkeleg  vil støtte opp om levande lokalkultur bør ein også betre rammevilkår for organisasjonseigde kulturbygg. Dene moglegheita har Stortinget 23. oktober.


Stortinget innførte i 2010 ei momskompensasjonsordning for frivillige organisasjonar, der målet frå starten av har vore at organisasjonane skal få full momskompensasjon. Men ordninga er tilpassa slik at det er store deler av omsetninga til frivillige organisasjonar det ikkje er mogleg å søkje momskompensasjon for, som nybygg, påbygg og ombygging av eigedom.


- Det at Regjeringa vel å styrke kompensasjonsordninga tyder på at dei ser den store økonomiske utfordringa knytt til anlegg for idrettslag og foreiningar. Men Regjeringa vektlegg óg at all kulturaktivitet bør ha gode fysiske rammevilkår. Då seier det seg sjølv at dette også bør gjelde for organisasjonseigde kulturbygg seier Endre Kleiveland.


Representantforslaget om betring av rammevilkår for organisasjonseigde kulturbygg (dokument 8:51 S) blir handsama av Stortinget 23. oktober. I forslaget ønskjer ein ei forenkling av regelverket ved at momskompensasjon også blir gitt for nybygg, påbygg og ombygging. Det blir og bede om at det blir oppretta ei eiga tilskotsordning for organisasjonseigde kulturbygg.

 

Kontakt:

Endre Kleiveland       

endre@ungdomslag.no  

41408558

 

Forslaget finn de her 

Pressebilete av styreleiar Endre Kleiveland

 

Last ned pressemeldinga som PDF

 


 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign