Image

Minnepris til ung hardingfele utøvar

Prisen, som er på 10 000 kroner og diplom vart delt ut på Vestlandskappleiken i Granvin laurdag 4. oktober.

 

Styret om prisvinnaren:

 

Kine er fødd i 1996 og har spelt hardingfele sidan ho var 8 år.

 

Ho har fått opplæring på hardingfele gjennom fylkesmusikarordninga i Sogn og Fjordane m.a hatt Harald Hesjevoll, Oda Heidi Bolstad og Synnøve Bjørset som lærarar i kulturskulen.  Ho har delteke på ei rekke spelekurs og er aktiv utøvar i Jostedal spel- og dansarlag. I tillegg til å spele fele, syng ho. Utøvaren har delteke på ei rekkje kappleikar og fått fine plasseringar, både som soloartist og i gruppespel.

 

 Idag er Kine elev ved musikklinja på Vinstra Vidaregåande Skule, som er den einaste vidaregåande skulen i landet med folkemusikklinje. Ho får særs gode skussmål frå skulen. Folk i miljøet ho er i fortel at ho er ei engasjert jente som arbeider strukturert og målretta for å bli betre.

 

Takk til

 

Styret for minneprisen takkar Hardanger spelemannslag og Hordaland folkemusikklag for samarbeidet, og at vi fekk nytte Vestlandskappleiken som arena for utdelinga. Styret vil òg takke Inga-Hilde Breivik for utforming av diplomen. Og vi takkar Sparebanken Vest og andre som gir økonomiske bidrag til prisen.

 

Image
Foto: Erling Moxnes.


 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign