Image

PM: Tette tak viktigare på idrettsanlegg?

Representantforslaget om betring av rammevilkår for organisasjonseigde kulturbygg (dok. 8:51 S) vart handsama av Stortinget sin familie- og kulturkomite 21. oktober. Komiteen støtter opp om regjeringa si foreslåtte auke i momskompensasjon for idrettsanlegg på nesten 17 millionar, medan organisasjonane med kulturbygg lyt fortsette med kronerulling for å etterisolere tak.

Utifrå tilrådinga kan ein lesa at komiteen er uroa for at den foreslåtte løysinga i dokument 8-forslaget skal medføre at det blir mindre momskompensasjon for idrettsanlegg, og at dei difor vil oppretthalde dagens ordningar, som også inkluderer ei eiga særordning for momskompensasjon for idrettsanlegg.

- Vi undrar oss over at ein på denne måten tek til orde for å halde fram med ei bevisst forskjellsbehandling mellom idretts- og kulturbygg. Ei betre løysing på denne utfordringa måtte då vere å opprette ei tilsvarande særordning for kulturbygg, slik at anlegg bygd for idrett og kultur har same rammevilkår, seier Endre Kleiveland, styreleiar i Noregs Ungdomslag.

Det at familie- og kulturkomiteen vel å støtte opp om å styrke kompensasjonsordninga for idrettsanlegg meiner Kleiveland kan tyde på at dei ser den store økonomiske utfordringa knytt til anlegg for idrettslag og foreiningar. - Det er sjølvsagt viktig at idretten skal ha gode rammevilkår, men ein kan spørje seg om politikarane verkeleg meiner at idrettsbygg er meir identitetsskapande og viktig for organisasjonslivet i eit lokalmiljø enn kulturbygg.



Forslagstillar Kjersti Toppe, stortingsrepresentant frå Senterpartiet, stiller seg også uforståande til innstillinga frå komiteen. - Dette viser at når regjeringa og fleirtalet på Stortinget snakkar om frivilligheit, så meiner dei i realiteten idretten. Det er ingen forklaring på kvifor idrettsbygg er meir verdfulle enn andre frivillig drivne kulturbygg. Me prøvde i forslaget å forenkle ordninga, der alle hadde like vilkår. Det stiller tydelegvis ikkje ein samla Familie- og kulturkomite seg bak.

Stortinget innførte i 2010 ei momskompensasjonsordning for frivillige organisasjonar, der målet frå starten av har vore at organisasjonane skal få full momskompensasjon. Men ordninga er tilpassa slik at det er store deler av omsetninga til frivillige organisasjonar det ikkje er mogleg å søkje momskompensasjon for, som nybygg, påbygg og ombygging av eigedom.

Så skiftar ein ut blikktak med takstein og etterisolerar, får ein ikkje momsfritak fordi det reknast som oppgradering og ikkje vedlikehald.

- Det er eit meiningslaut regelverk slik det er i dag, seier Toppe. Grensa for kva som fell innafor ordninga og utanfor er uklare og ikkje minst ulogiske. I forslaget til statsbudsjett for 2015 påpeikar regjeringa at kultur skjer der folk er, og vektlegg at all kulturaktivitet bør ha gode fysiske rammevilkår. Då seier det seg sjølv at dette også bør gjelde for organisasjonseigde kulturbygg.

Kontakt:

Endre Kleiveland
tlf. 41408558
endre()ungdomslag.no


Innstillinga finn de her

Pressebilete Endre Kleiveland



 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign