Image

Instruktørkurs Sørmarka 10. og 11. januar 2015

Kurset blir halde på Sørmarka kurs- og konferansesenter. Meir informasjon om påmelding, pris m.m. finn de på www.saffa.no/sormarkakurset.htm 
For spørsmål - skriv til: post@saffa.no

Instruktørkurs vaksne
Målgruppe: Personar med noko folkedansbakgrunn som kan tenkja seg å gå inn i leiar. eller instruktøroppgåver for etablerte rinar, lag eller nybegynnarkurs.

På dette instruktørkurset arbeider ein med instruktørrolla, grunntrening og det å bli kjend med grunnreglar og prinsipp for formidling og læring av folkedans. Detakarane vil i løpet av kurset få rettleiing i eigen dans og øva på grunnleggande rørsleteknikkar. Ein vil også sjå på samspelet mellom dans og musikk.

Instruktør er Marianne Dahl, som har undervist fleire gonger tidlegare på SAFFA-kursa og har lang erfaring som dansar og instruktør. Marianne har solid erfaring som lærar på instruktørkurs og har dansefagleg utdanning frå NTNU.

Instruktørkurs barneinstruksjon

Målgruppe: Alle som vil arbeide med- eller som alt arbeider med danseinstruksjon for barn.

På barneinstruktørkurset arbeider ein med korleis og kva ein underviser til barn. Her lærer ein repertoar innanfor danseleik og metodiske tips til gruppeleiing. Her står mellom anna rytmeleikar, songleikar, enkle turdansar og anna moro på programmet. Ein og sjå nærare på kva dansar som passar til barneleikfest og familiesamdans.

Instruktør er Anette Figenschou frå Bodø. Anette er glødane engasjert i barneinstruksjon, og har 13 års erfaring som instruktør.

 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign