Image

Innkalling og førebels sakliste til landsmøte, 17.-19. april

Lokal- og fylkeslaga i Noregs Ungdomslag blir med dette kalla inn til landsmøte, laurdag 18. og søndag 19. april 2015. Deltakarane blir samtidig invitert til å delta på ulike faglege seminar fredag og laurdag.

Møtestad:
Møtet blir halde på Quality Hotel 33 i Oslo.
- Reisetid frå Gardermoen er 35 minutt med Flybussekspressen, som stoppar rett ved hotellet.
- Reisetid frå Jernbanetorget i Oslo sentrum er 11 minutt med t-bane.

Tidsramme:
Etter tilbakemeldingar frå deltakarar på tidlegare landsmøte, startar det formelle landsmøtet først på laurdag. Det blir i tillegg lagt opp til ulike parallellseminar fredag ettermiddag og laurdag føremiddag, slik at dei utsendingane som ønskjer det har eit program for heile helga. Ytre tidsramme er slik:
- Seminar fredag kl. 14-17 og laurdag kl. 9-12.
- Landsmøte laurdag kl.12-18 og søndag kl. 9-15.

Vi kjem og til å organisere felles bestilling av billettar til framsyningar på Det Norske Teatret og Riksscenen på fredag, for dei som ønskjer dette.

Utsendingane blir oppmoda om å bestille tog/flybillettar slik at ein ikkje må forlate møtet før kl. 15 søndag.

Saker som skal handsamast:
Styret har sett opp ei førebels sakliste for møtet. I tillegg kan medlemmene gjennom laga kome med framlegg til saker ein ønskjer landsmøtet skal handsame. Sakene må vere meldt skriftleg til styret i Noregs Ungdomslag seinast 8 veker før møtet, med andre ord seinast 20. februar. Den same fristen gjeld om ein ønskjer å fremje forslag om endringar i lova.

Laga kan også kome med forslag til fråsegner som ein ønskjer landsmøtet skal handsame. Desse kan sendast inn på førehand, eller presenterast på møtet. Med fråsegn blir det meint ein politisk uttale frå landsmøtet til eksterne partar (t.d. kulturministeren), eller eit dokument som fatset eit politisk standpunkt/retning internt i organisasjonen.

Førebels sakliste
Sak 1 Konstituering
Sak 2 Årsmelding 2014
Sak 3 Rekneskap 2014
Sak 4 Framtida for Norsk amatørteaterfestival
Sak 5 Framtida for Folkedansfestivalen
Sak 6 Medlems- og lagskontingent 2016-2017
Sak 7 Innkomne saker frå laga
Sak 8 Fråsegner
Sak 9 Val

Deltakaravgift og overnatting
Deltakaravgifta for sjølve landsmøtet er kr 2000 per person. Dette dekker alle måltid og overnatting i dobbeltrom frå laurdag til søndag. Enkeltromstillegg er kr 300 per person. I tillegg blir laga som tidlegare fakturert for reiseutjamning på kr 500 pr utsending.

For dei som ønskjer å kome fredag, vil laga bli fakturert for ein ekstra kostnad på kr 700 per person (samt kr 300 i eventuelt enkeltromstillegg). Dette dekker overnatting og seminar frå fredag til laurdag.

Program, påmeldingar og sakspapir
Endeleg program meir konkretisert tidsplan, informasjon om dei ulike seminara samt påmeldingsskjema blir publisert på nettsidene medio februar.

Endeleg sakliste og sakspapir blir publisert om lag 1. mars. Sakspapira vil også bli sendt i posten til alle påmeldte utsendingar etter påmeldingsfristen, som er 20. mars. Det er viktig at denne fristen blir overhalden, slik at hotellet kan få komplette deltakarliste så tidleg som mogleg.

 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign