Image

Skal styrke folkemusikk- og folkedansarven i fylke

Kultur- og folkehelseutvalet vedtok i 4.februar å løyve tre millionar kroner til eit prosjekt som har som mål å styrke folkemusikk- og folkedansarven i Møre og Romsdal. 


 –Vi er svært fornøgd med at Kultur- og folkehelseutvalet har prioritert å satse på dette området, seier leiar i Kultur- og folkehelseutvalet Kristin Sørheim.

Kultur- og folkehelseutvalet vedtok i april 2014 å sjå på folkemusikk og folkedansarven i Møre og Romsdal og fylkeskommunen si rolle. Prosjektet har sett på ei rekkje ulike tema innanfor feltet, til dømes kulturtilskot og undervisningssituasjon. Det har vore brei deltaking frå ulike lag- og organisasjonar innan feltet, faginnstansar og kommunar.

–Prosjektgruppene har jobba godt, og vi har fått gode tilbakemeldingar i evalueringsrapporten, seier Sørheim.

Image Plikt til å ta vare på
I januar 2007 ratifiserte Noreg UNESCO sin konvensjon av oktober 2003 om vern av den immaterielle kulturarven. Konvensjonen sitt føremål er å verne immaterielle kulturutrykk, samt synleggjere og sikre respekt og anerkjenning av den ikkje-materielle kulturarven sin verdi. Føremålet med konvensjonen er å skape balanse mellom materiell og immateriell kulturarv. Språk, utøvande kunst, sosiale skikkar og ritual, er døme på immateriell kulturarv.

–Møre og Romsdal har ein rik immateriell kulturarv. Plikta til å ta vare på og formidle han er stor, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen Ho fortel at nettverket har uttrykt at dei sett pris på det arbeidet fylkeskommunen har starta opp, og at denne satsinga er viktig for folkemusikk og folkedansen i fylket. Det blir opplevd som positivt at fylkeskommunen ønskjer å gje denne delen av kulturfeltet eit regionalt løft.

Etablering av prosjekt
Kultur- og folkehelseutvalet handsama rapporten i møte 4. februar, og vedtok at prosjektet skal over i ein ny fase. Det blir no etablert no eit prosjekt som skal gå overtre år, der det er løyv
d tre millionar til satsinga.

–Målet er å etablere eit knutepunkt for folkemusikk og folkedans i Møre og Romsdal. Vi er opptatt av korleis profesjonelle og amatørar saman kan skape interessante og gode arenaer for aktivitet og læring. Som ein del av prosjektet, ønskjer vi blant anna å lyse ut prosjektstillingar som mørefolkedansar og mørefolkemusikar, avsluttar Wedlog Olsen.

Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer å sjå på korleis Møremusikarordninga kan styrke profesjonelle folkemusikarar og folkedansarar sin arbeidssituasjon i fylket, og ser fram til å arbeide saman med musikk- og dansarlaga i Møre og Romsdal i dette prosjektet. Andre sentrale samarbeidspartar vil vere aktørar innan arkiv, bibliotek, museum og kulturskular.

Henta frå nettsida til Møre og Romsdal fylkeskommune, skrive av: Ingvild Dverseth Sæter

 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign