Image

Sjansespel med kulturarven

Rådet for folkemusikk og folkedans forstår at Stortingets vedtak i samband med lisensen må få konsekvensar for tilbod og stillingar. Men vi er svært bekymra og sterkt kritiske til at Arkiv & Research-avdelinga i NRK blir så sterkt ramma av kuttet. Før irreversible avgjerder blir tekne oppmodar vi difor NRK å sjå på nytt på kva samfunnsoppdrag institusjonen har, og kva rolle NRK bør ha i eit stadig meir mediefragmentert samfunn.

Eit samla folkemusikkmiljø står bak denne sterke oppmodinga. Folkemusikkarkivet i NRK er ein uvurderleg del av den nasjonale identiteten og historia vår. Det er store mengder program og råopptak som er lagra i arkivet. Vi fryktar at viktig fagkunnskap om innhaldet i folkemusikkarkivet forsvinn med den varsla nedbygginga.

Det kostar å ha eit samfunnsansvar. Det er noko som både leiinga i NRK og politiske styresmakter veit. Ikkje alt skal og bør handle om kroner og øre. NRK har eit ansvar som dei kommersielle kanalane ikkje har i forhold til å formidle både smale og breie kulturytringar. Det betyr i klårtekst at kanalen må ha ein spisskompetanse på formidlinga av samtida og historia for at dette samfunnsoppdraget skal kunne utførast. Eit så dramatisk kutt som det er føreslege i Arkiv & Research-avdelinga gjer at evna til å utføre gode tenester for programskaparane blir kraftig redusert. Samstundes kan eit kutt i sjølve kunnskapsbasen i NRK til sjuande og sist redusere truverdet til institusjonen. Vi håper den historiske og samfunnsfagleg kompetansen ikkje er underordna den reint bedriftsøkonomiske i leiinga. Det er i så fall å spele russisk rulett med truverdet til institusjonen.

For folkemusikkfeltet er det heilt essensielt å ha ei sterk arkivavdeling. Vi treng også eit NRK som gjer aktive lyd- og biletopptak av samtidas kulturuttrykk. Bygdedansen og runddansen har blitt godt dokumentert i NRK. Gjennom 1960,-70 og -80-talet vart folkemusikken også presentert både i underhaldningsprogram, så vel som i smalare program. Dette gjaldt både i radio og TV. I dag er stoda ganske endra. Opptak frå Landskappleiken og andre folkemusikkarrangement er ein viktig del av samtidsdokumentasjonen av folkemusikk-Noreg, og NRK har gjort ein stor innsats i å ta opp, formidle og arkivere musikken for ettertida. Vi er redde for at ei nedbygging av folkemusikkarkivet på sikt vil føre til at NRK kjem til å kutte ned, i verste fall kutte ut samtidsdokumentasjonen på folkemusikkfeltet. Denne er allereie kraftig
redusert, og særleg i ei tid der mediemangfaldet er så stort, er det viktig å dokumentere tradisjonar og utøvarar som ”går under radaren” elles.

Dagleg leiar i FolkOrg, Linda Dyrnes, peikte i kronikken sin på NRK-plakaten, der det mellom anna står at «NRK skal formidle kulturarven i Norge». Særleg tydlegare får ein det ikkje. Å formidle kulturarven krev solid arkivkompetanse, og vi oppmodar innstendig NRK om å reversere dei planlagde kutta i Arkiv & Research-avdelinga. I staden for kutt burde NRK utvikle denne avdelinga endå meir. Her ligg det unike, det som gjer NRK til noko langt meir enn ein vanleg kommersiell radio- eller TV-stasjon.

Rådet for folkemusikk og folkedans, 09.02.2015
Rådsleiar, Anne Tone Hageland (sign.)
Nestleder, Jo Asgeir Lie (sign.)


Føljande organisasjonar/ institusjonar/ festivalar/ arkiv støttar brevet:

FolkOrg
Noregs Ungdomslag
Nettverk for norske folkemusikkarkiv
Norske Trekkspilleres Landsforbund
Førdefestivalen
Kalottspel
Nordsjøfestivalen i Farsund
Ole Bull Akademiet
Ansatte ved folkemusikkstudiet ved Norges Musikkhøgskole ved Steinar Ofsdal
Folkemusikk i nord
Midtnorsk senter for folkemusikk og folkedans
Norsk senter for folkemusikk og folkedans
Riksscenen for folkemusikk og folkedans
Valdresmusea
Gudbrandsdalsmusea


 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign