Image

Praktisk informasjon

Tidsrammer for møtet
Etter tilbakemeldingar frå deltakarar på tidlegare landsmøte, startar det formelle landsmøtet først på laurdag. Det blir i tillegg lagt opp til ulike parallellseminar fredag ettermiddag og laurdag føremiddag, slik at dei utsendingane som ønskjer det har eit program for heile helga.

Ytre tidsramme er slik:
  • Seminar fredag kl. 14-17 og laurdag kl. 9-12. 
  • Landsmøte laurdag kl.12-18 og søndag kl. 9-13.30.

Det blir i tillegg tinga billettar til framsyningar på Det Norske Teatret og Riksscenen på fredag, for dei som ønskjer dette.

Deltakaravgift og overnatting
Deltakaravgifta for sjølve landsmøtet er kr 2000 per person.
- Dette dekker alle måltid og overnatting i dobbeltrom frå laurdag til søndag.
- Enkeltromstillegg er kr 300 per person.

I tillegg blir laga som tidlegare fakturert for reiseutjamning på kr 500 pr utsending.

For dei som ønskjer å kome fredag, vil laga bli fakturert for ein ekstra kostnad på kr 700 per person (samt kr 300 i eventuelt enkeltromstillegg). Dette dekker overnatting og seminar frå fredag til laurdag. Det er ikkje lagt opp til felles middag på fredag, sidan det er lagt opp til eit kulturprogram på ulike stader i Oslo sentrum.

Kostnadene ved opphaldet er noko subsidiert av Noregs Ungdomslag, og dette gjer at det ikkje blir frådrag i landsmøteavgifta sjølv om ein ikkje overnattar.

Korleis kome seg til landsmøtehotellet, Quality Hotel 33 
  • Reisetid frå Gardermoen er 35 minutt med Flybussekspressen, som stoppar rett ved hotellet. 
  • Reisetid frå Jernbanetorget i Oslo sentrum er 11 minutt med t-bane til Risløkka.

Utsendingane blir oppmoda om å bestille tog/flybillettar slik at ein ikkje må forlate møtet før kl. 14 søndag.
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign