Image

Er tida over for Folkedansfestivalen og Amatørteaterfestivalen?

Etter vedtak frå landsmøtet 2014 skal Noregs Ungdomslag arrangere Norsk amatørteaterfestival kvart andre år og Folkedansfestivalen skal arrangerast dei åra det ikkje blir arrangert Nordlek-stemner, dvs. to av tre år. Dette betyr at det ikkje skal arrangerast festivalar no i 2015, men på bakgrunn av ressursbruk, oppslutnad og generelle erfaringar med dei siste festivalane legg styret fram eit forslag for landsmøtet i april, om å legge ned begge festivalane.

Norsk amatørteaterfestival
Norsk amatørteaterfestival blir arrangert på Det Norske Teatret, gjennom eit samarbeid mellom Noregs Ungdomslag og Det Norske Teatret, og i tett dialog med teaterlaget til BUL Oslo og Te-Nord, som er teaterlaget til Håløyglaget i Oslo. Festivalen blei første gong arrangert i 2003, og har vore arrangert kvart andre år etter dette.

Sjølv om den lokale teateraktiviteten i NU skulle tilseie at vi har eit stort deltakarpotensiale, viser oppslutnaden om festivalen at dette ikkje stemmer. NU bruker i dag store økonomiske og personalmessige ressursar på å arrangere festivalen, og styret meiner at dette ikkje lenger kan forsvarast, når oppslutnaden er så låg som den er. I 2014 vart festivalen gjort opp med eit underskot på nær 200.000 kroner, samtidig som det berre var 6 lokallag som deltok på festivalen, og tal publikummarar var 314.

Folkedansfestivalen
Folkedansfestivalen blir arrangert på ulike stader kring om i landet, med NU som arrangør og eit lokal- eller fylkeslag som teknisk arrangør. Festivalen blei første gong arrangert i 2010, og har vore arrangert kvart år etter dette, med unntak av 2012, då det vart arrangert Nordlek i Noreg.

Deltakinga på Folkedansfestivalen har gått nedover kvart år, og festivalen vil nok alltid leve i skuggen av dei gamle NU-stemna. Folkedansfestivalen har ikkje vore like økonomisk krevjande å arrangere som amatørteaterfestivalen, sidan ein har fått meir eksterne tilskot til denne. Det har likevel kravd store personalressursar å programmere, planlegge og gjennomføre festivalen, og styret meiner at denne innsatsen ikkje står i forhold til kor få som deltek på festivalen. Basert spesielt på det historisk låge besøkstalet i 2014, meiner styret det er på tide å ta diskusjonen om kva Noregs Ungdomslag skal med ein festival som fåtalet av medlemene kjem på. I 2014 vart det selt berre 22 deltakarpass til festivalen, og det samla talet besøkande var på 414. (Merk at dersom ein person t.d. har delteke på fire arrangement, så tel dette som fire personar i dette talet).

Annan bruk av ressursane?
Styret meiner at ressursane i sentralleddet bør brukast på andre område enn på to nasjonale festivalar med dårleg oppslutnad frå lokallaga.

Sommarleiren har eit stort potensiale, og styret ønskjer å styrke denne både økonomisk og fagleg, slik at den kan nå endå fleire av ungdomane i organisasjonen. Dette er etter styret si vurdering ei god, langsiktig investering, sidan ein då sørgjer for at den neste generasjonen vaksne ungdomslagsmedlemmer har funne eit godt sosialt og fagleg miljø på tvers av lagsgrensene. I tillegg ønskjer styret å bruke meir ressursar til å styrke og sikre instruktøropplæringa innanfor folkedans og teater, og ikkje minst til kontakt med lokallaga som det no blir lagt til rette for gjennom den storstilte lokallagsturneen, der alle lokallaga i NU skal besøkast av NU og fylkeslaget innan 2018.

Styret si vurdering er at dette er ein meir riktig bruk av ressursar, for at vi skal strekke oss etter Noregs Ungdomslag sin visjon om Levande lokalkultur!

Det er landsmøtet som skal ta stilling til forslaga frå styret, og saksutgreiing til landsmøtet og meir informasjon om påmelding etc. finn du på www.ungdomslag.no/lm.

 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign