Image

Stilling ledig: Arrangements- og kontorsjef i Stiftinga Hilmar Alexandersen

Stiftinga Hilmar Alexandersen er ei allmennyttig stifting med formål å arbeide for tradisjonskultur og kultur og næring. Stiftinga held til på Steinkjer og står mellom anna bak Hilmarfestivalen, FolkJazzScena i Nord-Trøndelag (FiNT) og Midtnorsk senter for folkemusikk og folkedans (MSFF). Stiftinga er også sekretariat for den nordiske organisasjonen Nordlek.

Arbeidet vil bestå av produksjon og å vere praktisk ansvarleg for konsertane i FiNT og Hilmarfestivalen. Dette betyr at ein må ha mye og tett samarbeid med

  • eit stort korps av frivillige
  • arrangørstader
  • musikarar/dansarar/kunstnarar
  • sponsorar
  • media
  • I tillegg vil arbeidet bestå av ein god del økonomisk og administrativt arbeid.

Vi er på jakt etter ein person med høgre utdanning innanfor kulturfag og/eller administrasjon og leiing, samt relevant praksis. Kunnskap om og kjennskap til folkedans og/eller folkemusikk vil vere ein fordel. Du må kunne planlegge og administrere større og mindre arrangement, samt ha god forståing for økonomi og rekneskap. Du må like folk og like å arbeide i nettverk. Vi ser etter ein person med gode kommunikasjonsevner både skriftleg og munnleg.

Har du spørsmål, kan du kontakte styreleiar Asbjørn Dahlum (959 16 169) eller dagleg leiar Johan Einar Bjerkem (928 40 553).

Stillinga er 100 %. Lønn etter avtale.

Søknadsfrist: 8. mai

På heimesida til Stiftinga Hilmar Alexandersen finn ein meir informasjon og søknadsskjema 
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign