Image

Vikariat: Organisasjonssekretær i Bergen ungdomslag Ervingen

Bergen ungdomslag Ervingen er ein frilynt aktivitesorganisasjon som driv med folkedans, folkemusikk, kor, kveding og teater. Bergen ungdomslag Ervingen er medlem av blant anna Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag.

Grunna fødselspermisjon søkjer laget etter ein organisasjonssekretær frå 1. august 2015.

Som organisasjonssekretær utførar du vanlege kontorfunksjonar og fylgjer opp aktivitetar i laget. Du utarbeider søknadar, konkretiserer prosjekt og formulerer prosjektsøknadar. Du yter medlemssørvis og oppdaterar medlemsregisteret, samt er kontaktledd til dei landsdekkjande organisasjonane som laget tilhøyrer. Ei anna viktig arbeidsoppgåve er intern og ekstern informasjon, deriblant oppdatering av nettsidene til laget, marknadsføring og medlemsrekruttering. I tillegg leiger du ut lagshytta.

Fast kontortid mellom 09.00-15.00, elles fleksibel arbeidstid. I tillegg vil det bli nokre møter på kveldstid.

Laget har kontorlokale i Fensal, Kong Oscars gate 15 og du vil dele kontor med ein regnskapsførar i 25 % stilling.

Løn etter Noregs Ungdomslag sin lønnstabell.

Søknadsfrist: 3. mai

For meir informasjon, kontakt Torbjørn B. Lauen
tlf. 95 96 94 75 // torbjorn@lauen.no

Søknad sendes til kontoret@bergen.ungdomslag.no

Les meir på heimesida til Bergen ungdomslag Ervingen.

 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign