Image

Levande Landsmøte

75 utsendingar frå lokal- og fylkeslaga i Noregs Ungdomslag var samla til landsmøtehelg i Oslo 17.-19. april. Dei innleiande fagseminara ga rom til både faglege og politiske ordskifte utover dei ordinære landsmøtesakene. Og sjølve Landsmøtet vart gjennomført med gode framlegg frå talarstolen og engasjement frå salen.

 

Amatørteaterfestivalen og Folkedansfestivalen

Den viktigaste saka var nok lagnaden til festivalane i NU. Etter vedtak frå landsmøtet 2014 skal Noregs Ungdomslag arrangere Norsk amatørteaterfestival kvart andre år og Folkedansfestivalen skal arrangerast dei åra det ikkje blir arrangert Nordlek-stemner, dvs. to av tre år. Dette betyr at det ikkje skal arrangerast festivalar no i 2015, men på bakgrunn av ressursbruk, oppslutnad og generelle erfaringar med dei siste festivalane la styret fram eit forslag for landsmøtet i april, om å legge ned begge festivalane. Landsmøtet stilte seg bak styret sin vurderingar om å legge ned Norsk amatørteaterfestival. Under handsaminga av Folkedansfestivalen vart det vedteke eit tilleggsforslag  om at styret opprettar ei arbeidsgruppe med representantar frå interesserte fylkeslag med tanke på å reetablere eit sentralt arrangement som omfattar alle sentrale aktivitetar i organisasjonen Fylkeslaga vil bli kontakta, og andre interesserte blir oppmoda om å ta kontakt om dei ønskjer å bidra.

 

Kontingentsatsar for 2016 og 2017

Satsane blir vidareført i neste toårsperiode, men det vart vedteke å justere grunnlaget i kontigentgruppe 4 (gjeld lokallag med 0 medlemmer registrert i Hypersys) Gruppa endrar namn til kontingent for lokallag med 0-4 medlemmer.

 

Pr medlem under 26 år: 95

Pr medlem over 26 år: 190

Pr lokallag: kr 1200

Pr. lokallag med 0-4 medlemmer: kr 2200

Pr. huslag: kr 3500

Pr. direktemedlemsskap under 26 år: kr 150

Pr. direktemedlemsskap over 26 år: kr 300

 

Fråsegner

Landsmøtet vedtok fire fråsegner/politiske uttalar, med følgjande tema:

  • ·      Ei utviding av momskompensasjonsordninga er overmoden
  • ·      Noregs Ungdomslag skapar levande lokalmiljø
  • ·      Demokrati for eliten
  • ·      Meir mangfald i laga

 
Les dei her (PDF)

Utskiftingar i styret

Endre Kleiveland frå Hordaland vart attvald som leiar for ein ny ettårsperiode. Marit Nerås Krogsæter (Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag) er ny organisatorisk nestleiar, og Tone Mjelde (Hordaland Ungdomslag) er ny i styret.

 

Styret er no samansett slik:

Endre Kleiveland (leiar)

Marit Nerås Krogsæter (Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag.) - organisatorisk nestleiar

Kine Reiersen (Oppland Ungdomslag) - politisk nestleiar

Morten Nilsen (Nordland Ungdomsfylking)

Håvard Ims (Inntrøndelag Ungdomssamlag)

Tone Mjelde (Hordaland Ungdomslag)

Rita Strandbakke (Oppland Ungdomslag)

Ingeborg Hollekim Bringslid (Hordaland Ungdomslag) - 1.vara

Fredric Nygård (Eidsiva Fylkeslag) - 2. vara

Marie Nicolaisen (Bygdelagssamskipnaden) - 3.vara

Sommarleiren er framtida!

Sommarleiren har eit stort potensiale, og styret ønskjer å styrke denne både økonomisk og fagleg, slik at den kan nå endå fleire av ungdomsmedlemmene mellom 13 og 25 år. Dette er etter styret si vurdering ei god, langsiktig investering, sidan ein då sørgjer for at den neste generasjonen vaksne ungdomslagsmedlemmer har funne eit godt sosialt og fagleg miljø på tvers av lagsgrensene.

 

Under Landsmøtet vart fylka satt i hop til arbeidsgrupper for å legge ein plan for korleis dei kan få fleire frå sitt område til å kome på leir. Fleire fylkeslag tilbyr no reisestønad til dei som vil til Porsgrunn. Det vil òg bli sett opp buss frå Gardermoen til Porsgrunn (og tilbake), slik at ein får organisert fellestransport til leiren for dei som kjem med fly.

 

I tillegg ønskjer styret å bruke meir ressursar til å styrke og sikre instruktøropplæringa innanfor folkedans og teater, og ikkje minst til kontakt med lokallaga som det no blir lagt til rette for gjennom den storstilte lokallagsturneen, der alle lokallaga skal besøkast av NU og fylkeslaget innan 2018. Dette for at vi skal strekke oss etter Noregs Ungdomslag sin visjon om Levande lokalkultur!


 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign