Image

Fagdagane 2015

Etterspørselen etter bunader er høg, men høve til å kunne halde i hevd handverkstradisjonane knytte til bunaden vert stadig utfordra– av både billigare produksjon i utlandet og av at få veljar bunadtilvirking som yrkesveg. Korleis kan vi bevare kunnskap og kulturarv som ligg i bunadene våre og samtidig kunne drive bunadsproduksjon som næring, er spørsmålet vi stiller oss på årets fagdagar. Er det i det heile tatt mogleg?

I løpet av to dagar på Fagernes samlast bunadtilvirkere, husflidbutikkar, forskarar, interesseorganisasjonar og andre interesserte til seminar, draktfaglege foredrag, demonstrasjonar og utstillingar. Norges Husflidslag, Norsk Folkedraktforum, Studieforbundet kultur og tradisjon, Norsk institutt for bunad og folkedrakt og Noregs Ungdomslag arrangerer fagdagane, og vi oppfordrer alle til å sette av datoene 10. og 11. september, og ta turen til Fagernes!

Førebels program:

Torsdag 10. september
09.30: Velkomen og registrering
10.00: Unescokonvensjon v/ Solveig T. Grinder
10.30: Foredrag: Prosjektet tekstilhåndverk v/ Mette Vårdal
11.15: Tre innlegg á 20 min frå av artikkelforfatterane i prosjektet: «Bunadnæring: bærekraft og bevaring»
12.15: Lunsj i Munkekroa
13.15: Foredrag: Rekruttering og kompetanseutvikling i bunadsbransjen, Inger-Lise Brøto Torland- Mandal husflid
13.45: Foredrag: Å drive enkeltmannsforetak i bunadsbransjen (Rep. NFF)
14.30: Foredrag: Bunad som næring på museum v/ Romsdalsmuseet
15.00: Norsk institutt for bunad og folkedrakt om symbolikk og neste års seminar
15.30: Demonstrasjonar i husa på museumsområdet og messe med stoffleverandører
19.30: Festmiddag i Munkekroen

Fredag 11. september
09.00: Foredrag: Ragnhild Hutchison, Enigheten – tekstilfabrikken i Østerdalen
09.40: Film om hovudbunader ved NBF
10.00: Debatt
12.00: Speakers corner
13.00: Lunsj i Munkekroa

Påmelding til Fagdagane 2015 gjerast innan 20. juni via denne lenka.
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign