Image

Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris

Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris  til unge utøvarar på hardingfele   tildeling hausten 2015

Styret for minneprisen ber med denne utlysing om å få inn forslag på unge utøvarar på  hardingfele som vil vera aktuelle som kandidatar til prisen.

Formålet med minneprisen er å styrke interessa for utøving på hardingfele mellom unge, og slik oppmuntra til varig interesse for spelet. Minneprisen skal delast ut til ein lovande utøvar på hardingfele. Personen skal vera i alder som svarar til C-klassen på kappleik, og vera frå Vestlandet. Det skal vera eit personleg stipend. 

 

Minneprisen skal delast ut på Vestlandskappleiken 2015, og er på kr.10.000,-.

Kappleiken finn stad i Førde, Sogn og Fjordane, 9. - 11. oktober 2015.

 

FRIST for innsending av forslag er 14. september 2015.

 

Forslag skal sendast til:

Bergen ungdomslag Ervingen, Kong Oscarsgt. 15, 5017 Bergen

e-post: kontoretATbergen.ungdomslag.no

Merk konvolutten/e-posten ”Minnepris 2015”.

 

For meir informasjon, sjå nettsida til Bergen ungdomslag Ervingen 

 


 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign