Image

Utlysing Vinjefondet 2015

Fondet skal gjere det lettare å vere nynorskbrukar, vere med og gjere nynorsk til eit sjølvsagt språk i alle typar media, og stimulere utgivarar og redaktørar til å engasjere og tilsetje fleire nynorskbrukarar i ulike media. Prosjekt i skriftlege medium blir prioriterte, med jamstilling mellom papirmedium og digitale format.

 

Vinjefondet prioriterer tiltak som er handlingsretta og som gjeld domene, sjangrar, medium der nynorsk er lite brukt og som når ut til mange lesarar.

 

Nynorsk kultursentrum forvaltar støtteordninga på oppdrag frå Kulturdepartementet. Alle søknader blir vurderte av eit uavhengig fagråd, og etter innstilling frå fagrådet gjer styret i Nynorsk kultursentrum endeleg vedtak i oktober.

I år kan om lag 800 000 kroner fordelast på gode prosjekt.

Søknadsfrist 10. september 2015.

 

Les meir på heimesidene til Nynorsk kultursenttrum


 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign