Image

PM: Huset i bygda blir realitet i Møre og Romsdal

Kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylke gjorde i går vedtak om å gje tilskot på 450.000 over tre år til prosjektet Huset i bygda i regi av Noregs Ungdomslag. Dette meiner nestleiar i Noregs Ungdomslag, Marit Nerås Krogsæter, er gode nyhende for dei lokale bygdehusa i fylket.

- Ungdomshusa, bygdehusa og andre organisasjonseigde kulturbygg er sjølve fundamentet for store delar av det lokale kulturlivet i Møre og Romsdal og er viktige sosiale møtestadar. Difor er det viktig at Møre og Romsdal fylkeskommune går inn for dette prosjektet som skal styrke forvaltninga av dei mange lokale bygdehusa i fylket.

Sterkare, meir synleg og framtidsretta forsamlingshus

Prosjektet er eit treårig prosjekt som har som målsetjing å gjere dei lokale bygdehusa til framtidsretta møtestadar for kultur og bulyst. Hovudmålet er at dei lokale laga skal bli meir kompetente huseigarar, og at dei organisasjonseigde kulturbygga i Møre og Romsdal vert sterkare og meir synlege i fylket. Mange stadar er desse små kulturbygga det einaste forsamlingshuset i bygda, eller så fungerer dei som eit viktig supplement til kommunale kulturhus.

 

Norsk institutt for by- og regionsforsking utførte i 2008 ”Bo- og flyttemotivundersøkelsen” der 10.000 personar deltok. Der tok dei mellom anna opp problemstillingar knytt til grunnar til fråflytting. Fleire i undersøkinga la vekt på at andre forhold enn arbeid er årsak til om dei flyttar eller ikkje, og det syner at ein er avhengig av å tenkje breitt i arbeidet med busetjing i bygdene. Noregs Ungdomslag meiner at gode møtestadar og attraktive fritidstilbod er stadig viktigare og at prosjektet med Huset i bygda kan vere eit steg på vegen for å skape meir attraktive bygder rundt om i Møre og Romsdal.

 

- Me ser at mange bygdesamfunn er prega av fråflytting, spesielt frå ungdomar og kvinner, og det er viktig for oss å kunne bidra til å skape attraktive lokalsamfunn gjennom prosjektet. Møre og Romsdal er avhengige av bygdene sine og at desse ikkje vert fråflytta. Noregs Ungdomslag har som visjon å utvikle levande lokalsamfunn, så me set stor pris på at Møre og Romsdal fylkeskommune er med på dette prosjektet i denne treårsperioden, seier Marit Nerås Krogsæter.

Omfattar alle kulturbygg eigd av frivillige organisasjonar
Prosjektet vil bli gjennomført i eit samarbeid mellom Noregs Ungdomslag og dei to fylkeslaga, sjølv om målgruppa for prosjektet er alle dei organisasjonseigde kulturbygga, ikkje berre ungdomshusa. Berre i Møre og Romsdal er det i dag over 55 lokale ungdomslag som er eineeigar eller deleigar av eit lokalt ungdomshus. I tillegg finn ein alle kulturbygga som er eigd av andre frivillige organisasjonar.

NU har engasjert seg sterkt for dei organisasjonseigde kulturbygga dei seinare åra, og har m.a. samarbeidd med huseigarar, kommunar, fylkeskommunar og andre som arbeider for husa. I tillegg har Sogn og Fjordane Ungdomslag gjennom dei siste fem åra etablert og gjennomført det første Huset i Bygda-prosjektet, og i Hordaland starta eit tilsvarande prosjekt opp i 2014.

Image

Nestleiar i Noregs Ungdomslag, Marit Nerås Krogsæter

 



 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign