Image

Bunad – kulturarv i heim eller næring

Trass i bunaden si forankring og status, har endringane i bunadsproduksjonen dei siste tiåra vore store. For i dag finn bunadsproduksjonen seg ein stad mellom det å vere ein heimleg fritidssyssel, eller ei næring med millionar i omsetting og hard konkurranse. Spørsmålet vert difor: Korleis skal bunadsproduksjonen sjå ut i framtida, og kven forvaltar kulturarven til bunaden?
 

10. og 11. september samla husflidsbutikkar, interesseorganisasjonar, museum, kulturforskarar og andre fagfolk til dei årlege Fagdagane i bunad og folkedrakt på Fagernes. Og temaet i år var nettopp berekraft i bunadsnæringa.
 

Seminar med ny forsking på feltet

Utgreiinga Bærekraft i bunadsnæringa er ny forsking på feltet, og vart lagt fram på seminaret.

- Bunadsnæringa er ei relativt ny næring. For ikkje mange år sidan blei dette arbeidet berre utført i

private heimar. Nå ønskjer vi å forske vidare på å styrke dei enkelte aktørane, men og skape

høve for betre samarbeid, forklarte prosjektleiar Mette Vårdal.


Utgreiinga kastar lys over utfordringane til dei fire ulike aktørane i bunadsnæringa: Rettshavarane, dei som syr og monterer, underleverandørane i Noreg, og dei som sel i Noreg, men har produksjonen i utlandet.


Felles strategi for kulturarv

Bunadsproduksjonen i Noreg handlar ikkje berre om at eit produkt skal vere norsk, men og om at det i hendene på utøvarane forvaltast ei immateriell kulturarv. 

- Vi må gå saman om ein felles strategi for å styrke bunadsnæringa her i landet. Kulturpolitikarane må utfordrast på å skaffe seg meir kunnskap og leggje ein plan for å sikre ei berekraftig næring, sa prosjektleiar Mette Vårdal under framlegginga.
 

Fagdagane blir arrangert av Norges Husflidslag, Norsk Folkedraktforum, Studieforbundet kultur

og tradisjon, Norsk institutt for bunad og folkedrakt og Noregs Ungdomslag.

HER KAN DU LESE HEILE UTGREIINGA


 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign