Image

Språkfakta 2015

Språkfakta 2015 er den mest omfattande dokumentasjonen av språk som nokon gong har vore gitt ut på norsk. I 20 år har Ottar Grepstad samla og sjølv utvikla store mengder statistisk informasjon om bruk og utbreiing av språk i Noreg mot ein internasjonal bakgrunn, med særleg vekt på nynorsk og bokmål.

Kommentarar og analysar av 867 tabellar er forma til ei forteljing om identitet, utbreiing og meining gjennom fleire tusen år. Halvparten av dei har ikkje vore gitt ut før i den forma dei der har fått. Alle tabellane blir publiserte på aasentunet.no, eitt kapittel kvar dag frå 26. september til 15. oktober på heimesida til Ivar Aasen-tunet. 

Fem fantastiske språkfakta:
1. Spansk er det største europeiske språket med 399 førstespråkbrukarar
2. Summer Institute of Linguistics har registrert 626 språk i bruk i Europa per 2015
3. 47 språk har vore brukte i finalesongane i Eurovision Song Contest
4. EU har 24 offisielle språk, Europarådet to
5. Undersøkingar viser at svenskar og danskar forstår bokmål berre litt betre enn nynorsk
Kjelde: Ottar Grepstad: Språkfakta 2015, Aasentunet.no



 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign