Image

Instruktørkurs på Ringerike

14.-15. november arrangerer Ringerike folkedansgruppe grunnleggande instruktørkurs for ungdom og vaksne. Målgruppa for kurset er dei som vil eller allereie underviser eldre barn og ungdomar. 


Instruktør denne helga er Helene S. Auset. Helene er barnehagelærar og har dansa folkedans sidan ho var 6 år. Då ho var 14 år starta ho sjølv som instruktør, ho har gått på ei rekke instruktørkurs i NU og har dei siste seks åra vore instruktør for ungdomsgruppa til BUL Sarpsborg.

 

Tidspunkt for samlinga

Laurdag 14. november klokka 10-17 + pizza

Sundag 15. november klokka 9-14

 

Stad: Toso skole, Jevnaker

 

Pris for kurshelga med overnatting og mat er 350 kroner.

Deltakaravgift betalast til bankkontonr 2030 18 79661.

 

Påmeldingsfrist: 6. november 2014

 

Dei som ynskjer å overnatta må ha med madrass og sovepose. Gje beskjed om matallergiar.

 

For påmelding og spørsmål, kontakt:

 

Trine Myrmo, tlf: 90 11 56 91, trine.myrmo@gmail.com
Arne Hellum, tlf: 90 99 98 36 / 61 31 21 51

 


 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign