Image

Helene Storstrøm Auset tildlelt Ole Vig-prisen 2015

Pressemelding:

Vinnar av Ole Vig-prisen for 2015 er Helene Storstrøm Auset. Ho får prisen for sitt store lokale og regionale kulturarbeid retta mot born og unge.  Ho er utdanna førskolelærar og instruktør i folkedans. Ho brukar fritida si, iveren sin og kompetansen sin til å vidareføre lokalt tradisjonsstoff. Dette gjer ho på ein inspirerande måte og med stor glede.

Helene Storstrøm Auset har gjennom sitt dedikerte arbeid i mange år skapt eit miljø der unge får oppgåver og ansvar, og gjennom det gitt dei moglegheit til å utvikle seg sjølve. Mange av dei aktive unge har gått vidare inn i danseprosjekt for scenisk produksjon. Ho er ein dyktig pedagog både som lærar i dans og som barne- og ungomsleiar generelt. Når Noregs Ungdomslag no utarbeider nye planar for folkedansopplæringa i Noreg, er det sjølvsagt at Helene Storstrøm Auset er med i arbeidet. Helene Storstrøm Auset sin innsats er avgjerande for tilbodet om folkedans i Sarpsborg og i Østfold.

Prisen er på 10 000 kr og eit diplom og blir delt ut i kulturhuset Kimen i Stjørdal torsdag 3. desember 2015.

Image
Foto: Rolf Johansen

Fleire opplysningar hos leier i styret for Ole Vig-fondet, Robert Mulelid, tlf 955 55 430, robert.mulelig@gmail.com


 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign