Image

Samla program for landsmøtehelga

Fredag 22. april

 


Frå 17.00: Ungdomssamling


Alle ungdomar som deltek på landsmøtet blir invitert til ei eiga ungdomssamling på fredag kveld. Denne samlinga blir leia av styremedlemmer frå NU. Målet med samlinga er at dei unge utsendingane skal bli betre kjent, og trygg på korleis landsmøtet blir gjennomført. Mellom anna vil ordstyrarane delta, og informere om dei formelle debattreglane, og dei ulike sakene vil også bli presentert og kanskje debattert. Samlinga blir avrunda med felles middag på Peppes. 


17.00-19.00 Småkurs/seminar


Hypersys 2.0
Medlemssystemet til NU blir oppgradert til versjon 2 i løpet av hausten, og Andreas-Johann Ulvestad frå leverandøren Unicornis vil gje ei innføring i den nye versjonen, med ein presentasjon av kva funksjonar som ligg i denne. Ta gjerne med bærbar PC om du vil delta på dette seminaret, slik at d sjølv kan prøve deg fram i det nye Hypersys.

Arrangørkurs
NU har starta eit forprosjekt for NU kulturformidling, som er tenkt som ei større satsing for ungdomshusa som landsdekkande turnescener. På arrangørkurset vil du få ei kort innføring i kva prosjektet går ut på, og kva laget ditt kan få ut av dette prosjektet som arrangørar.


Frå kl. 19.30 Teaterframsyningar på Det Norske Teatret (ikkje inkludert i deltakaravgifta)

19.30: Teaterframsyninga Abrahams barn 
19.30: Teaterframsyninga Fugletribunalet 
20-30: Teaterframsyninga Herr marmelade

(alternativet med musikalen Halve Kongeriket går ut pga endringar i speleplanen for teatret)

 

Laurdag 23. april

 

 

8.30 Landsmøteregistreringa startar

9.00 Småkurs/seminar

Søknadsskriving
Treng du tips og råd til korleis du kan skrive ein god søknad? Det finst mange tilskotsordnignar som er opne for ungdomslaga, og sender vi frå oss gode søknader er sjansen større for å faktisk få innvilga desse. Dette blir eit praktisk kurs som du forhåpentlegvis får valuta for når du kjem heim til laget.

Songdansen i NU
Noregs Ungdomslag har stolte tradisjonar knytta til songdans og er i dag nær sagt den einaste aktøren som arbeider med denne danseformen. Den siste tida har det vore ein del diskusjonar rundt songdansen si framtid og Noregs Ungdomslag si rolle i samband med dette. Me vil med dette invitera inn til seminar og ordskifte om songdansen i Noreg og drøfta kva rolle Noregs Ungdomslag kan ta i eit slikt arbeid. 

Nytt prinsipprogram i 2017. (Førebuande diskusjon til landsmøtet)
Ei av sakene på landsmøtet er førebuing av nytt prinsipprogram, som styret planlegg vedteke på landsmøtet neste år. På dette seminaret legg vi opp til ideologiske drøftingar, og ein samtale kring dei kjerneverdiane dagens prinsipprogram bygg på. Gjennom dette seminaret ønskjer vi å førebu utsendingane på den formelle landsmøtediskusjonen kring denne saka. 

Fråsegnsverkstad (Førebuande til landsmøtet)
Landsmøtet i NU bruker tradisjonelt å vedta ein del fråsegner (politiske uttalar) som blir sendt både media, styresmakter og internt i organisasjonen. På dette seminaret drøfter vi aktuelle tema for fråsegner, med mål om at deltakarane skal fremje forslag til slike under landsmøtet.

11.00: Kaffipause/registrering held fram

11.30: Opning av landsmøtet

12.00: Lunsj

17.30: Landsmøtet blir heva for dagen

19.00: Landsmøtemiddag på hotellet

21.00: Dansefest på Riksscenen

I samband med landsmøtet vert det dansefest med Stein Magne Eggen og Tonje Lien Barkenæs. På dansefesten vert det lagt opp til eit variert danseprogram med både runddans, turdans, bygdedans og songdans. Dansefesten vert halden på Riksscenen, som ligg eit kvarters gange frå landsmøtehotellet. (Sjå kart)

Stein Magne kjem frå Lom i Gudbrandsdalen og speler trekkspel og torader, medan Tonje kjem frå Nannestad og speler fele. Dei har spelt saman i åtte år og basisrepertoaret er ofte runddans og slåttemusikk, i tillegg til at dei speler turdansrepertoar. Dei speler også i gammaldansgruppa Syvers orkester. Dei har oppnådd gode resultat i nasjonale musikkonkurransar både som solistar og i grupper.

 

Søndag 24. april


09.00: Møtet blir opna

12.00: Lunsj

13.00: Møtet held fram

15.00: Takk for no og vel heim.




--o0o--

Utsendingane blir oppmoda om å bestille fly heim tidlegast kl. 17,
slik at alle blir med til landsmøtet er heva.

Landsmøtehotellet ligg eit steinkast frå Oslo Sentralstasjon.
der flytoget har avgang til Gardermoen kvart 20. minutt.

--o0o--



 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign