Image

Seminarprogram fredag og laurdag

Kan du tenke deg å lære meir om medlemssystemet Hypersys 2.0, som blir lansert til hausten? Eller kanskje meir om søknadsskriving? Eller ønskjer du å diskutere songdansen i NU eller fråsegner som skal handsamast på landsmøtet? Fredag og laurdag arrangerer vi ulike småkurs og –seminar, som også er opne for andre enn landsmøteutsendingane. Hugs at du må melde deg på dei seminara du ønskjer når du sender inn påmeldinga til landsmøtehelga.

Seminarprogram fredag kl. 17-19: 


Hypersys 2.0
Medlemssystemet til NU blir oppgradert til versjon 2 i løpet av hausten, og Andreas-Johann Ulvestad frå leverandøren Unicornis vil gje ei innføring i den nye versjonen, med ein presentasjon av kva funksjonar som ligg i denne. Ta gjerne med bærbar PC om du vil delta på dette seminaret, slik at d sjølv kan prøve deg fram i det nye Hypersys.

Arrangørkurs
NU har starta eit forprosjekt for NU kulturformidling, som er tenkt som ei større satsing for ungdomshusa som landsdekkande turnescener. På arrangørkurset vil du få ei kort innføring i kva prosjektet går ut på, og kva laget ditt kan få ut av dette prosjektet som arrangørar.

Seminarprogram laurdag kl. 9-11: 


Søknadsskriving
Treng du tips og råd til korleis du kan skrive ein god søknad? Det finst mange tilskotsordnignar som er opne for ungdomslaga, og sender vi frå oss gode søknader er sjansen større for å faktisk få innvilga desse. Dette blir eit praktisk kurs som du forhåpentlegvis får valuta for når du kjem heim til laget.

Songdansen i NU
Noregs Ungdomslag har stolte tradisjonar knytta til songdans og er i dag nær sagt den einaste aktøren som arbeider med denne danseformen. Den siste tida har det vore ein del diskusjonar rundt songdansen si framtid og Noregs Ungdomslag si rolle i samband med dette. Me vil med dette invitera inn til seminar og ordskifte om songdansen i Noreg og drøfta kva rolle Noregs Ungdomslag kan ta i eit slikt arbeid.

Nytt prinsipprogram i 2017. (Førebuande diskusjon til landsmøtet)
Ei av sakene på landsmøtet er førebuing av nytt prinsipprogram, som styret planlegg vedteke på landsmøtet neste år. På dette seminaret legg vi opp til ideologiske drøftingar, og ein samtale kring dei kjerneverdiane dagens prinsipprogram bygg på. Gjennom dette seminaret ønskjer vi å førebu utsendingane på den formelle landsmøtediskusjonen kring denne saka.

Fråsegnsverkstad (Førebuande til landsmøtet)
Landsmøtet i NU bruker tradisjonelt å vedta ein del fråsegner (politiske uttalar) som blir sendt både media, styresmakter og internt i organisasjonen. På dette seminaret drøfter vi aktuelle tema for fråsegner, med mål om at deltakarane skal fremje forslag til slike under landsmøtet.

 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign