Image

Instruktørkurs i folkedans og teater

Noregs Ungdomslag lanserer ei ny instruktøropplæring i teater og folkedans. Me har utarbeidd nye, spennande instruktørkurs, både for teater og folkedans, som skal dekke dei fleste sjangrar. Kursa skal gjennomførast i ulike regionar rundt om i landet.

Instruktørkursa er sterkt subsidiert av sentralleddet. Dette betyr at kursa er rimeleg for deltakarane, og at det ikkje skal vera nokon økonomisk risiko å vera vertskap for kursa.

Me ønskjer å gjennomføra 4 teaterkurs og 4 folkedanskurs kvart år. Geografisk plassering og fastsetjing av tema for dei ulike kursa blir gjort etter innspel frå lokal- og fylkeslag. Sentralleddet vil vere økonomisk ansvarleg for kurset, men den praktiske gjennomføringa kan leggast til både storkurs i fylkeslaga, eller på eigne arenaer i lokal- og fylkeslaga.

Instruktørkursa er lagt opp til helgekurs som går over 12 timar, og det er mogleg med kursstart anten fredag eller laurdag.

Meld inn ønskje og behov til kurs@ungdomslag.no dersom de vil ha kurs til området dykkar!

Les brosjyra til instruktørkursa her 

Last ned brosjyra til instruktørkursa her (PDF)


 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign