Image

Ledig stilling som kulturrådgjevar i Noregs Ungdomslag

Som kulturrådgjevar vil du få ansvar for å koordinere NU sitt faglege arbeid med hus og scene, og eit spesielt ansvar for det tilbodet retta mot ungdom. Det er stor aldersspreiing i medlemsmassen vår, og ca 2.300 av medlemmene er i denne aldersgruppa.

Husarbeidet til Noregs Ungdomslag handar både om arbeidet vårt med regionale kompetansehevingsprosjekt og ei nasjonal satsing på ungdomshusa som vertskap for turneverksemd.

Den sceniske delen handlar om å legge til rette for den store amatørteateraktiviteten i organisasjonen, ved å ivareta opplæringstilbodet vårt innanfor teater.

Ansvaret for arbeidet retta mot ungdom handlar i hovudsak gjennomføring og strategisk utvikling av ein eigen sommarleir for ungdom.

Vi håper du har følgjande kvalifikasjonar:


  • Erfaring med lokalt kulturarbeid, gjerne innafor amatørteater
  • Organisasjonserfaring, gjerne frå ungdomsorganisasjonar
  • Kompetanse om planlegging og gjennomføring av små og store arrangement
  • Kompetanse innanfor marknadsføring
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar vil verte tillagt vekt.

Praktisk om stillinga:
  • 100% fast stilling
  • Noko reiseverksemd og kvelds-/helgearbeid må påreknast.
  • Administrasjonsspråket er nynorsk
  • Det er ønskjeleg med oppstart i løpet av august månad.

Hos oss får du:


  • Sjølvstendige og utfordrande arbeidsoppgåver, med store moglegheiter til å påverke din eigen arbeidskvardag.
  • Engasjerte og dyktige ungdomslagsmedlemmer og tillitsvalde.
  • Eit hyggeleg arbeidsmiljø, i kontorfelleskap med fleire frivillige organisasjonar på kulturfeltet.
  • Fleksibel arbeidstidsordning
  • Løn etter avtale
  •  

For spørsmål ta gjerne kontakt med generalsekretær Eli Ulvestad, på telefon 99464995. Søknad og CV sendast til eli@ungdomslag.no innan 2. mai 2016

Sjå gjerne følgjande nettstader:
www.ungdomshus.ungdomslag.no
www.sommarleiren.no

Velkomen som søkjar!

 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign