Image

Nyvald leiar trur på ny vår for Noregs Ungdomslag

 Trass i at Noregs Ungdomslag dreg på åra, har organisasjonen greidd å endra seg og er i dag ein svært viktig brikke i det frivillige arbeidet i Noreg, meiner nyvald leiar Mette Vårdal (43).

- NU er ein fantastisk organisasjon. Eg hadde det meste av ungdomstida mi i NU og lærte og opplevde utruleg mykje. Det som imponerer meg mest er likevel kor mykje organisasjonen har endra seg dei siste år, seier 43-åringen som i helga blei vald til ny leiar i organisasjonen.

Vårdal tek over etter Endre Kleiveland, som har leidd organisasjonen dei siste fire åra.

Mot straumen
Oppvaksen på beste vestkant i Oslo under jappetida, var det ikkje sjølvsagt at Noregs Ungdomslag skulle bli den kulturelle basen for Mette Vårdal. Men interessa for folkekulturen har følgt henne frå ho var lita.

- Eg drøymde om å bli ei tjukk, lita bondekone som gjekk i bunad heile dagen, fortel ho til Nynorsk pressekontor.

Allereie som sjuåring byrja ho å dansa folkedans.

- Sidan har NU vore ein del av livet mitt. Folkedans var også utgangspunkt for yrkesvalet mitt, seier den nyvalde NU-leiaren som er utdanna kulturhistorikar og historikar.

Comeback
Fram til midten av 20-åra var Mette Vårdal svært aktiv i NU. Ho har også bak seg fleire år som tilsett på hovudkontoret til organisasjonen i Oslo.

- Då eg flytta til Vågå og blei småbarnsmor, blei alt litt annleis. Dette er på ein måte eit slags comeback, seier ho.

Nettopp fordi ho har så gode minne frå NU, har ho også vegra seg litt for å koma tilbake.

- Eg ville ikkje koma tilbake berre av nostalgiske grunn, strekar ho under.

Nytt liv i gamle glør
- Det som gjorde at eg fekk lyst til å koma tilbake er at NU har endra seg veldig dei siste åra. Trass i at organisasjonen er gammal, har NU klart å bli relevant på mange nye måtar og osar av vitalitet. Det har vekt engasjementet mitt på nytt.

Ho peikar mellom anna på at NU har mange medlemmer og lokallag som no opnar husa sine og tek ei viktig rolle i integreringsarbeidet av flyktningar.

- Noreg treng å få styrkt det frivillige arbeidet og organisasjonskulturen. Her har NU mykje å bida med. Det å få lokallaga til å vera med å skapa ein levande lokalkultur på eit verdigrunnlag eg har tru på, er oppgåve nummer ein, seier Mette Vårdal. (©NPK)

Skrive av: Margunn Sundfjord Nynorsk Pressekontor

 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign