Image

Stillingsutlysning: Prosjektleiar, Huset i Bygda - Møre og Romsdal

Noregs Ungdomslag har fått tilskot frå fylkeskommunen til eit treårig prosjekt i Møre og Romsdal. Målet er å kartlegge og styrke dei organisasjonseigde forsamlingshusa og gjere dei til framtidsretta møteplassar for kultur og bulyst. I samband med dette søkjer vi ein prosjektleiar i 20 prosent stilling. Prosjektperiode januar 2017 til desember 2019.

Om prosjektet:
”Huset i bygda”-prosjektet i Møre og Romsdal er eit søsterprosjekt til liknande prosjekt i Sogn og Fjordane og Hordaland. For meir informasjon, sjå www.husetibygda.no

Sentrale arbeidsoppgåver:
• Kartlegge dei organisasjonseigde kulturbygga i fylket i ein nasjonal husdatabase. 

• Gjennomføre kommunevise samlingar for huseigarar for auka kompetanse, erfaringsdeling og nettverksbygging. 

• Gjennomføre årlege kulturhuskonferansar. 

• Søkje ekstern finansiering til delar av prosjektet, og kontakt med/rapportering til tilskotsgjevarar.

• Bygge nettverk med sentrale aktørar. 


Om stillinga: 

• Noregs Ungdomslag sentralt vil vere arbeidsgjevar, og prosjektleiaren rapporterer til
prosjektkoordinator. 

• Det har blitt ned ei eiga referansegruppe for prosjektet i Møre og Romsdal, samansett av
ungdomslagsrepresentantar frå ulike delar av fylket. Prosjektleiaren vil leie prosjektet i nært samarbeid med referansegruppa. 

• Administrasjonsspråket til Noregs Ungdomslag er nynorsk. 


Ideelle kvalifikasjonar: 

• Prosjektleiarerfaring 

• Engasjement for lokalt kulturliv 

• Erfaring frå drift/aktivitet i forsamlingshus 

• Gode formidlingsevner, både skriftleg og munnleg 

• Minimum treårig høgskuleutdanning eller relevant realkompetanse 

• Personlege eigenskapar vil bli tillagt vekt 


• Vi tilbyr: 

• Fleksibel arbeidstidsordning og løn etter kvalifikasjonar 

• Sjølvstendige og utfordrande arbeidsoppgåver 

• Reiseverksemd og kvelds/helgearbeid må påreknast 


Vi ønskjer kandidatar frå heile fylket velkomne til å søkje stillinga, då arbeidet i hovudsak vil vere knytt til å gjennomføre samlingar i dei ulike kommunane. Resten av prosjektleiarjobben vil kunne utførast frå heimekontor. 


Søknad med CV sendast til inger.johanne@ungdomslag.no seinast søndag 13.november.
For meir informasjon kontakt om stillinga, ta kontakt med prosjektkoordinator Inger Johanne Ruset, tlf. 24 14 11 13. 


Stillingsutlysninga som PDF kan du laste ned her.


Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign