Image

Extrastiftelsen søknadsfrist 1. mars!


Gjennom medlemsskapet i NU har også lokalaga tilgang på ein del tilskotsordningar, for å støtte andre delar av aktiviteten i laget. Eit døme på dette er Extrastiftelsen:

• Denne stiftinga deler 6,4 prosent ut av det totale overskuddet frå Norsk Tipping (før tippenøkkelen er fordelt). til helseprosjekt i frivillige organisasjonar, og NU er godkjent søkjarorganisasjon.

• Dette betyr at lokallaga kan søkje om midlar til prosjekt som har eit helseperspektiv, gjennom NU, som sender søknad vidare.

• Det er mange søkjarar til ordninga, og det kan vere vanskeleg å få midlar, men fleire lokallag i NU har til no fått midlar til å gjere ungdomshusa universelt tilrettelagt.

• Om laget ønskjer å søkje om midlar, så ta kontakt med Alf Steinar på NU-kontoret så tidleg som mogleg, slik at det kan opprettast brukarprofil på laget i søknadsportalen. Då får laget så tidleg som mogleg eit oversyn over kva dokumentasjon ein må sende ved søknaden.

Døme på lag som har fått midlar: UL Liv 1,1 millionar til utbetring av ungdomshuset. Flekke UL: om lag 50000 til rullestolrampe. Mjeldalen UL 330.000 kroner til universell tilrettelegging gjennom nybygg.

Søknadsfrist er 1. mars!

Les meir på nettsida til Ekstrastiftelsen


Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign