Image

Kven veit? 2017

Kven veit? er ei kunnskapstevling der deltakarane får teste allmennkunnskapane sine, og vi har to klasser: Junior Kven veit? for dei opp til 14 år og Senior Kven veit? for vaksne over 14 år. Gjennom tre tevlingsrundar svarar deltakargruppene på spørsmål om til dømes politikk, kultur, sport, underhalding og det som er tema for tevlinga. I 2017 er temaet Frilyndt. 

Deltakarlaga får i god tid før tevlinga startar tilsendt studiemateriell om temaet for årets tevling. I studiemateriellet vil de få lese artiklar knytt til tema. Vi forsøker å lage eit studiehefte som både er morosamt og lærerikt å lese.

Kven Veit? er både eit opplegg for studiering og ei kunnskapstevling. I tevlingsrundane svarar tevlingslaga på spørsmål henta dels frå tema og dels frå allmennkunnskap.

Frilynt er tema
I 2017 er temaet frilynt for temahefte. Frilynt er ein av kjerneverdiane til NU, men kva ligg eigentleg i dette ordet? Ikkje så reint lite. I handlingsplanen frå 1986 vart det definert slik:

Det frilynte grunnsynet
Noregs Ungdomslag skal arbeide for opplysning og samhald mellom ungdomen. Dette skal femne om alle sosiale grupper, tene den demokratiske samfunnsforma og ut frå den heimlege kulturarven styrkje personlegdomen til kvart einskilt menneske. Alt lagsliv må byggje på prinsippet om mennekseverd, menneskerett, individuell fridom, tolsemd i all åndeleg strid og tanken om brorskap, likeverd og like kår for alle menneske utan omsyn til landsdelar, landegrenser, klasseskilje, rase, kjønn, religion og politisk overtyding.


Og i prinsipprogrammet til NU står det:
Det frilynte miljøet er basert på toleranse, omgrep som menneskeverd og likeverd står derfor sentralt i Noregs
Ungdomslag. I ungdomslaget skal alle kunne finne ein trygg og inkluderande møtestad, der ein vinn respekt for ulik
livspraktisering, politisk oppfatning eller kulturbakgrunn.


Deltagarlag
Seniorlag kan ha fem tevlade deltagarar, medan junior kan ha sju. 

Deltakaravgift

Deltakaravgifta for Senior er kr kr 450 for kvar gruppe, samt kr 65 per deltakar for studiemateriel. Vi gir rabatt til lag med mange grupper. Deltakaravgifta er frå og med fjerde gruppe kr 300.

Deltakaravgift for Junior er kr 300 for kvar gruppe, og studiemateriellet er gratis.

Vinnarane
Det beste laget samanlagt etter dei tre tevlingsrundene vert kåra som vinnar av Kven Veit. Dei tre beste lag, både i senior og i junior, får pengepremar. Vinnarlaget får 2000 kroner, andreplass får kr 1000, og tredjeplass får kr 500. Resultatlistene vert kunngjort på www.ungdomslag.no etter kvar tevlingsrunde.

Førebels framdriftsplan for tevlinga:

12. januar: Påmeldingsfrist for laga.
Veke 8: 1. tevlingsveke*
Veke 11: 2. tevlingsveke
Veke 14: 3. tevlingsveke
20. april: Kåring av vinnar

Fleire av laga har teke kontakt angående vinterferie i veke 8 som og er tevlingsveke 1. Det er heilt greit å tevle i veke 7 eller så tidleg det let seg gjere i veke 9.  

Studieplan kan lastast ned her 

Du kan lesa studiehefte her

Du kan lasta ned studiehefte her (PDF)


 Image
Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign